Frontlosjen har sett NORR på Den Nationale Scene. Tradisjonen tru henta vi inn vårt eiget barneekspertpanel til å fortelje oss kva dei meinte om framsyninga.
Adrian, 6 år i dag (17. november)
Eg veit at det ikkje var ekte. Fordi eg går på breakdansing ein gong i veka og da gjer vi sånn. Når eg blir stor skal eg lage eiga breakframsyning om Ninja Turtles. Gler meg til å sjå Star Wars, da skal eg breake om det.
Mia, 7 år:
Eg skjønner ikkje kvifor Fenrisulven nokre gongar hadde på seg hovudet sitt og andre gonger ikkje. Det var ikkje så artig å vere på teater i dag, fordi mamma hadde kjøpt feil Cola.
Carina, 13 år:
Synes det er kult at det var med ein skodespelar frå GoT, Balder var jo spelt av Littlefinger. Vikinger har eigentleg ikkje horn, så kostymet til Heimdal var jo litt teit da. Tykkjer Tor var kjekkast.
Jostein Leander, 6 år:
Han eine slemme kom og åt av godteriet mitt, da var det litt skummelt. Pappa er like sterk som Tor.
– Ragnhild og Ingrid
NORR – Da gudene breaket – Av: Absence Crew – Aktørar: Andreas Roksvåg, Pierro Issa, Christopher Bottolfsen, Daniel Grindeland, Halvard Haldorsen, Ole Petter Knarvik – Kunstnariske konsulentar: Tormod Løvold og Solrun Toft Iversen – Scenograf: Hans Petter Harboe – Ljosdesignar: Einar Bjarkø – Maskør: Silje Lie, Mette Noodt – Kostymedesignar: Linn Therese Michelsen – Dramaturg: Solrun Toft Iversen – Pressefoto: Magnus Skrede
Speler i Teaterkjellaren på DNS ut november 2015.
// Inhabilt mjøl i posen // Ingrid jobbar i billettavdelinga på DNS hausten 2015.