Kategorier
Omtalar

Episk realitymusikal

TRAMPEKLAPP!!

Er det noko som gjer meg begeistra i teatret, så er det tilstedeværing. Utstråling og kontroll held på konsentrasjonen min, ganske enkelt. Uhm, ja, for eg har litt dårleg konsentrasjonsevne. Merkar fort at eg treng pause ein gong i timen, liksom. Men uansett. Realitymusikal er knallartig. Eller kanskje eg skal kalle det dokulibretto.

Foto. Reinhard Werner – Burgtheater

Nature Theater of Oklahoma får eit ordrett telefonintervju (inkludert uhm, like, oh my God) om ein heilt ordinær oppvekst til å bli så interessant. Eg ler, kjenner meg att og kjempar imot for å ikkje trampe takta som ein annan idiot. Gjennom enkel, men akk så stilig, koreografi og arrangement får vi servert det eine aproposet etter det andre – det fyrste kysset, vassmålinga i barnehagen og den kjekke læraren. Alle aktørane har fantastiske uttrykk og små eigenartar som gjer det ein fryd å følgje med på kvar enkelt. Dei syng bra og fleirstemt, men det er altså dansen som begeistrar meg mest. Den er så befriande enkel og naiv, utført med ekte overtyding. Eit stykke ut i framsyninga slår det meg at dei nyttar akkurat same teknikk som vi gjorde da vi laga teater på dramalinja: iaugefallande koordinert rørsle, talekor og song. Og det er akkurat desse grepa gjer at ein held fokuset på ei elles litt uinteressant forteljing.

Foto. Reinhard Werner – Burgtheater

Eller, er ho eigentleg det? Eg meiner, liksom. Dei små brotstykka frå ein amerikansk barndom frå meg verkeleg til å tenke. Eg mimrar attende til eigen barnehage, lurar på om eg var slem mot andre, eller om eg hadde mange vener. Blir overraska over kor mange sleepovers den dama var på, og om det er normalt? Og så tenkjer eg litt på skilnaden mellom norsk og amerikansk kultur, om den eigenlteg er så stor. Og korleis ville framsyninga ha vore om telefonintervjuet var med ei dame frå Kina, Etiopia eller Brasil? Så kjem det plutseleg tre raude ballar på scena, og eg sluttar å filosofere og let meg begeistre i staden.

Life and Times – Episode 1 er artig og sjarmerande, og utruleg bra teater. Også fordi kompaniet utfordrar grensa for når ting berre blir kjedelig. For det er tre timar med berre song.

Ja, det gløymte eg å nemne. Da eg henta billettane sto det at framsyninga vara 3 timar og 20 minutt, og eg berre ups. Eg hadde jo invitert med meg ein kompis som til vanleg let seg underhalde av fotball og puddelrock, og da er det kanskje litt slemt tvinge han til å sjå teater så lenge. Men det gjekk veldig bra, altså. Han var storfornøgd. Så når New York times skriv at “Nature Theater Of Oklahoma […] er helt klart ikke for de med tradisjonell smak”, må eg nesten seie meg ueinig.

Aktørane grå kostyme med enkle raude detaljar, som minna Therese Bjørneboe om «Røde pioner-uniformer». Og eg svergar forresten på at eg høyrte eit motiv frå «Internasjonalen» på eit tidspunkt.

Eh. Men altså, det var ei ganske lang framsyning. Eg mistar fokus ganske ofte, og vrir meg av og til i stolen. Men akkurat i det eg bestemmer meg for at ja, no har det vorte for kjedeleg, skjer det noko nytt. Dei langdryge partia er nok medvitne frå kompaniet si side, og fungerte godt. Likevel er eg freista til å seie meg einig med dei som skulle ønskje det heile vara ein halvtime mindre. Dei kunne i alle fall ha kutta ned 15 minutt, det hadde vore perfekt (men kanskje dette er dei 15 minutta vi sto utanfor medan vi venta på forsinka innslepp).

Det var forresten merkbart mange som gjekk i pausen. Men vi som satt att i salen klappa desto høgare etter å ha fått servert ein gripande finale.

Tek eit obligatorisk bilete, det sluttar ikkje vere kleint.

Life and Times – Episode 1 – Konsept, idé, regi: Pavol Liska og Kelly Copper – Frå telefonsamtale med: Kristin Worrall – Musikk: Robert M. Johanson – Design: Peter Nigrini – Aktørar: Ilan Bachrach, Gabel Eiben, Anne Gridley, Matthew Korahais, Julie Lamendola og Alison Weisgall – Musikarar: Daniel Gower, Robert M. Johanson og Kristin Worrall

Kl. 19.00 på Logen teater 4. og 5. mai

– Ragnhild

4 svar til “Episk realitymusikal”

Det er da ingen grunn til å være bitter for at du er i Trøndelag. Du er der du skal være. Avant Garden viser Life and Times på Rockheim i Trondheim 9.-11. mai.

Det er stengt for kommentarer.