Førre veke såg eg den nye framsyninga til Carte Blanche, som består av tre ulike koreografiar. Og eg er ganske einig med pressa – mykje bra, men ikkje alltid like imponerande. Men no skal ikkje eg synse så mykje om ein kunstform eg så vidt har byrja nærme meg inn på.
Det eg ønskjer å skrive om no, kjære lesar, er det faktum at vi i forkant av den midterste koreografien fekk beskjed om at vi gjerne måtte slå på mobilen i salen, og tvite alt det vi berre ville. Men andre ord var dette meint å vere ei interaktiv oppleving, der vi kunne dele opplevinga på twitter så vel som i Studio Bergen.
#lamudacb
Og eg var ikkje sein. Eg er vanlegvis sterkt imot mobillys i salen, men hallo – eg er jo ein bloggar. Og når eg blir oppmoda til å tvite, gjer eg nettopp det. Helst ville eg bli den fyrste i salen til å gjere det, liksom for å vere best i klassa. Fordi eg kunne.
Men det var eigentleg ikkje så stilig. Eg var pinleg merksam på kor mykje skjermen lyste opp og forstyrra alle rundt meg, og eg må seie det er vanskeleg å treffe rett bokstav når ein forsøker vere diskret og kjapp. Det er vanskeleg å hugse rett hæsjtag,og ikkje minst: ein går glipp av mykje. Men tvita gjorde eg – som den einaste publikummaren den kvelden.
#lafuel
Dette overmotet kom kanskje av ei anna ny oppleving denne kvelden: koffeintyggis. Det hadde vore ein lang dag, og i halvmørket tok eg gjerne imot ein oppkvikkande tyggis for å halde på konsentrasjonen og få ei skjerpa oppleving. Og kvikk er ordet – eg vart verkeleg vaken. Dette var så klart fordi, som frontlosjevenn Eirik forklarte etter at tyggisen var vel plassert i munnhola kl 21.10 på ein onsdag, tyggisen inneheld ca tre gongar så mykje koffein som ein liter energidrykk av typen klissete skvip på boks. Eg fekk med det same hjerteklapp og svette handflatar, og er usikker på om eg nokon gong tørr prøve noko slikt igjen. Tyggegummi som ikkje kan nyttast av gravide og barn kan umogleg vere bra for deg. det er vel ikkje naudsynt å nemne at eg sovna rimeleg seint den kvelden, men eg gjer det likevel – for å understreke dramatikken.
Moralen er: Kan hende er ikkje verda klar for revolusjonerande amfikonvensjonar heilt enno. Eg trur i alle fall eg held meg til vanleg trippel espresso og ingen mobilbruk neste gong eg inntek publikumsrolla. Eller kanskje ikkje.
Forresten: Yasgur’s Farm speles 14.-16. februar i Studio Bergen, kan vere verdt å få med seg!
– Ragnhild.