Kategorier
Omtalar

Vuggesongar på Svartlamon

«Lullabies for those who cannot sleep» er ei koseleg, og nostalgisk danseframsyning

På veggen bak scena spelsast ein film utan lyd. Ein film frå syttitalet med ein gjeng som skal til fjells, dei binder seg fast i kvarandre over isbreen og spring ned mot setra. Dei tek pustepausar og drikk vatn i bekken.

På scena står ein lenestol. Og lyslenker ligg på gulvet. På andre sida står ein mikorofon, med blomer rundt. Bakerst i eit hjørne står nokre bestemorlamper med frynser som ikkje har lys i seg.

a7bffbae487f11e3a1d00ec1df5821cd_8Ut frå høgtalarane kjem ambient, drømmande lyd, disco og noko som minnar om Detektivbyrån.

Foran filmen sitt ei raudhåra dame og ser på. Så kjem ein velkledd mann inn og ser på med ho. Ei tredje dame kjem baklengs inn på scena og dansar for oss. Ho med raudt hår pratar i mikrofonen om blå dagar og andre draumande ting eg ikkje hugsar. Dei sparkar på sparkesykkel, trippar rundt på sølvsko og flyttar på ei stygg urne med blomer i. Og vinkar til dei på filmen.

Utanfor lokalet står ein plakat med Lullabies for those who cannot sleep.

Det heile får meg til å minnast om da eg var lita og sangen om Pippi Langstrømpe var nattasangen min. Ikkje for fort, og ikkje for sakte og i behagelig stemmeleie. Det er ikkje alltid like lett å forstå samtidsdans.

1383745_584534288248600_626577279_nFoto: Gro-Marthe Øverby Thun

Lullabies for those who cannot sleep:

Co-produsert av DansiT – Konsept: Emilie B. Thun – Medvirkande: Emilie B. Thun, Lisa B. Thun og Erik Bauck.

Spelast i Verkestedhallen på Svartlamon i kveld (8. nov) kl. 19.00

– Ingrid