Night Trippin with your two favorite allies

Vi gleda oss eigentleg til ein tur på Fløyen for å sjå Night Tripper, sjølv om det var snø der. Vi gjorde jo det. Men turen ut til Verftet er lang nok den, etter middag. I alle fall lang nok til å ta litt bilete i kulturlandskapet.

IMG_0102IMG_0109IMG_0105  IMG_0128IMG_0154IMG_0160   IMG_0165

Vi forsto det på førehand, at dette er den krevjande typen dans. Det skjer ikkje så mykje forskjellig i Ingri Fiksdal sine verk.

Først må du sitte å sjå litt på korleis repetative rørslar er ganske fascineriande. Og så må du etter kvart innsjå at det neppe kjem til å skje noko særleg meir i løpet av framsyninga. Så blir du litt lei. Så oppdagar du at det jo er ganske mykje som skjer, men i musikken – ikkje rørslene. Så innser du at du neppe har lårmusklar som kan måle seg med dei som står der framme og voggar fram og attende i ring. Det tenker du på ei stund, før du sett vodkaen du fekk i vrangstrupen og må hoste veldig stille. Og så blir du litt fascinert av rørslene att, og tykkjer eigentleg at det er ganske åkei. Men no er det jo nesten heilt mørkt.

For nokre år sidan var vårt første møte med Fiksdal; i Orchard Ballads let vi oss fascinere over kor vakkert det kan vere å dra i eit silketeppe. Vi fekk ei sterk opppleving av korleis dei repetative rørslene gjorde at kroppen i rommet mista sin humane form og såg ut som noko mekanisk, eller ein annan organisme. Ingrid har på kjensla at det var noko av det dei prøvde å videreføre i Band òg, ei anna Fiksdal-framsyning av same sort. Nen sidan ho veit at det er den effekten ein prøvar å oppnå, så fekk ho ikkje same kunstnariske oppleving av det.

Rørslemønsteret i Night Tripper baserer seg på same konsept som dei to føregåande, men her vart dei einsformige rørslene meir rituelt performativt enn visuelt performativt.

Der kor Orchard Ballads og Band slutta ved applausen, var vi her velkommen til å vere att og ta oss litt meir vodka og ete ostepop og Haribo. Det var veldig koseleg å prate med aktørane og teatereliten etterpå, som alltid. Det er jo grunnen til at vi heng så mykje på Teatergarasjen. Og vi blir alltid glade når vi får noko i glaset eller å bite i, ikkje minst når ein oppdager glow sticks mellom den jordanske spriten og drueklasane. YOLO.IMG_0211 IMG_0202 IMG_0173 IMG_0195 IMG_0190 IMG_0186

Konsept: Fiksdal/Langgård/Becker | Koreografi: Ingri Fiksdal | Musikk: Ingvild Langgård | Scenografi: Signe Becker | Dansere: Pernille Holden og Julie Solberg | Musikere: Jørn Tore Egseth, Ane Marthe Sørlien Holen, Ingvild Langgård/Øystein Wyller Odden og Gunhild Mathea Olaussen.

Night Tripper kan du sjå i Bergen også i kveld, tysdag 7. mai.

- Ragnhild og Ingrid

 

 

Teater i godstolen

Det var så triveleg å kome inn i salen før Den usynelige sette igang. Eg fann fram til ein stol eg likte, og så fekk eg lov til å legge frå meg litt jord på scena. For å bidra til scenografien, liksom. Eg var med i stykket òg, for vi i publikum hadde spela inn ei lita lydfil eller to på førehand. Artig.

IMAG1688

Det er mykje eksistensiell prat i denne Immaturus-framsyninga, utan at det blir pretensiøst. Og mange videoklypp, utan at det blir kleint. Vi ser dessutan scena frå oven mykje av tida, det likar eg.IMAG1695-1-1

Tihi.

Slutten var skummel.
923225_585655361458260_1670377834_n

Hald augo ope for Den usynlige, siste framsyning er på fredag – du rekk det fint.

Bilete ser du hjå Studvest.

- Ragnhild

Fine sko og solskin

- Ein liten stemningsrapport frå orsaka til låg bloggaktivitet i bergensavdelinga

936103_504632886263854_1480533955_ntikk tikk tikk

Deltakarar har tikka inn til Dansens dager denne våren, og til slutt vart det 570 stk på papiret. Bra det på mirakuløst vis vart meldt sol.563705_502310629829413_1468306498_n

Røde sko

Eg har vore på kino og sett ballettfilm frå førre århundre. Dette var dramatisk og veldig underholdande. IMG_0036DSC_1734 IMG_0047DSC_1745IMG_0055

(illustrasjonsfoto)

Desse skoa kan du sjå kl. 21 på USF Cinemateket i kveld.

Lang dag i sola

Storslått feiring av Dansens dager i Bergen laurdag.

DSC_1713

Artig med så mange folk!DSC_1693

Artig med så mykje sol!DSC_1723

 Meg. Ein stad

I morgon er eg klar for ein ny stadspesifikk dag med Dans. Et sted – sjølv om det kjem til å bli litt vel typisk bergensk. Da blir det til og med diskusjon om det stadspesifikke i kunsten, kanskje eg er så heldig at eg får lært litt meir om det stadspesifikke teatret da? Uansett – eg er førebudd:

DSC_1749

Kvile no

Eg skal berre slappe av litt fyrst.DSC_1754

-Ragnhild

I want… appelsinsjokolade

Påskehøgtida er over oss for i år for fleire veker sidan, men påska har såkalte bevegelige helligdagar, og det er vel fullt mogleg å ha påske i midten av april. Om påska hadde vore det i år, så er det fortsatt mogleg å ha att rester frå påskeegget ein ikkje rakk å ete opp mellom påskelabyrintar, skiturar og afterski. Til dømes er det kanskje ein appelsinsjokolade til overs som ein kan ta med seg når ein skal nyte kulturelle opplevingar. Ja særleg, som om innhaldet i påskeegget ikkje hadde vore ete opp innan no, dette var berre ein måte å lage ein lang intro om at vi har testa appelsinsjokolade på teatret.
IMG_7840 IMG_7847
Kor mykje det bråker: Først må ein ta det ut av eska, og etterpå dunke den hardt i bordet og så åpne papiret som er utanpå. Ja dette kan bråke litt, derfor kan det vere lurt å gjere dette på førehand. Dessutan fekk vi ikkje dette til heilt som ein skal, og måtte dele opp båtane manuelt.
Mengde: For mykje for to på ein times forestilling.
Pris: Litt dyr, men er som regel verdt det.
Smak: Appelsinsjokolade er digg, men det vart litt kvalmt i lengda. Ein blir tørst av sjokolade.
Korleis det påvirker teateropplevinga: Først gomler ein i seg, også blir ein kvalm. Men det er jo berre å spare det til seinare, tenkar ein. Men når ein er på forestilling har ein ikkje noko anna plass å gjere av det enn å ha det i fanget/handa, og da smeltar det og blir klissete og ein må berre kaste resten. Dessutan blir ein jo som sagt litt tørst av den.
Korleis ein kjenner seg etterpå: Huff, dette var ein dårleg deal. Mistar mykje av teateropplevinga fordi ein nyttar tid på å pakke opp og leite etter ein plass å legge det når ein bllir kvalm.
 IMG_7855
IMG_7854Som de ser så feila vi veldig med å dele båtane på grasiøst vis. Dette var ikkje bra! Appelsinsjokolade egnar seg heilt klart best i ein solvegg med skisko på beina. Neste påske skal vi syte for å ete opp appelsinsjokoladen før vi blir kvalme på kvikklunsj og fylte egg.
- Ingrid

Bodyguards and mirror mirror

Forord: For å få mest mogleg ambient lesaroppleving, anbefalar eg å lese dette medan du lyttar på denne sangen.

DSC_0414No har eg budd i trønderhovudstaden sidan i fjor sommer, og eg må meddele noko som er litt flaut. Eg har ikkje satt mine bein innanfor institusjonsteatret i byen ein einaste gong. I frykt for at blogglesarar og hysteriske losje-fans skulle kaste seg over meg, har eg haldt meg unna. Heilt fram til laurdag, da var eg invitert med på konsert, og hadde endeleg skaffa meg politibeskyttelse.

DSC_0415Sjølv med politibeskyttelse er det viktig å vere god rosablogger og ta bilete av seg sjølv i speilet. Her er eg og to av vaktene i eitt særdeles heldig lys. Sånn apropos speil. På Trøndelag teater er det mange speil. Eg måtte sjølvsagt prøve ut alle saman, og våga meg ut på ein fotograferingsrunde utan konstablane. Her er ein kjapp vurdering av speglane på teatret.

DSC_0417Heilfigur på toalettet trekk opp, kunstlig lys trekk litt ned. Heilt ok resultat.

DSC_0419Meir heilfigur i foajeen, pluss for naturleg lys frå dei gigantiske vindauga.

DSC_0423Nesten heilfigur frå garderoben. Godt lys til at det var inne i ein krok. Min favoritt. Sjå opp for fleire bileter herfrå ved seinare høver.

Men ja, attende til det dette eigentleg handlar om. Konserten. Us Not Them, ein tributekonsert til Pink Floyd, var opphavleg ein intern greie på teatret. Dette vart vistnok så bra at dei måtte dele det med resten av verda.

Det eg likte best var at her fekk dei som ellers skjular seg i kulissane sjansen til å vise seg fram. I alle fall ein rekvisitør, usikker på kva profesjonen til resten var, men dei kunne i alle fall lurt meg med å seie at dei er musikarar på heiltid. For dette var bra musikk, og eg kjenner i grunnen berre til brikken i veggen og har eit nesten eit ikkjeeksisterande forhold til dei rosa floydane.

DSC_0427Meg og min personlege bodyguard inne i teatersalen. Også slenger eg ved eitt bilete frå konserten berre for skams skuld. bilde(10)Konserten speler i kveld òg på den flotte gamlescena, men eg har på kjensla at du må vere kjapt ute om du vil ha billettar.

- Ingrid.

Tallet er 42. Målet er?

Eg får det ikkje til, ropar ho. 4,2 får ho til svar av dei andre. Nei, 3,9. 3,9 ropar ho til dei på andre sida av elva. Ingen svarar. Berre anda som seier kvakk kvakk.

IMG_9924

IMG_9857Ho kjenner at brygga flyt. Han fekk napp, men ikkje hjå meg seier ho. Kvakk kvakk seier anda. Eller var det ho som sa det? Eg fekk napp!

IMG_9961IMG_9860Er det langt igjen, spør ein av dei. Ikkje meir enn 8,4 får ho til svar. Aha, 8,4, det er jo klart.

IMG_9853IMG_9861 Ekspander! Degrader! Agger! Ho målar opp, no er det omtrent 40, ikkje lenge til 42. Brygga sitt fast.

IMG_9948Eg får det ikkje til seier ho. Men ingen svarar. Dei andre sitt fast i brygga.

IMG_9963 IMG_9968Kva er målet?

- Ingrid

 

LIVT MITT VART BTRE

Eg var på & i går, og det var stas. For som Halory Goerger og Antoine Defoort sjølv seier: all type SciFi er eigentleg bra. Bortsett frå Terminator III. Den er berre kjip.

- Less jokes, more art

Men det var ikkje &.
& var kul.

BURN  BURN BURN BURN
NUKE NUKE NUKE NUKE

I tillegg til viktige og djupe refleksjonar om framtid og droidar og menneske i skjønn foreining, var det dei  musikalske innslaga som gleda hjertet mitt mest. Vi fekk servert laserharpe og trampedelfin, i tillegg til den kulaste keyboardgitaren eg har sett nokon gong.

- We are in it for the song and dance

andKonklusjon:
Eg skal definitivt kjøpe med ei svær golvplante eg skal spele barokkmusikk på.

- It’s a nest!

IMAG1651

& – Skrive og produsert av: Halory Goerger og Antoine Defoort – Scenedesign: Julien Fournet – Scenemanager og ljos: Jean-François Philips – Lyd: Robin Mignot / Guillaume Hairaud

& speles i Studio USF laurdag kveld kl 19.00 – betre enn tyrkisk Star Wars!

- If it fails, we’re fucked

- Ragnhild