Det heng ein frykteleg symbolsk klesvask til tørk i teaterkjelleren. Dei raude barnekleda fortel eigentleg meir enn heile teaterframsyninga tilsaman, men likevel er forestillinga Medealand interessant nok i seg sjølv.
Medea: kvinne, 27 år. To barn. Skilt. Statslaus etter endt ekteskap, skal bli kasta ut av landet. Lid av kjærleikssorg og desperasjon. Uforutsigbar.
Sara Stridsbergs modernisering av Evripides’ gamle tekst er følsom, dramatisk og intelligent. Ein kjenner att mange av dei gamle klassiske verkemidla; viktige dramatiske hendingar synar ikkje på scena, men blir fortalt om på etterskudd og koret som kommenterer handlinga. Men den er og moderne i den form at teksten hoppar fram og attende i tid, har både realistiske dialogar, men og meir abstrakte og forteljande delar. Det er kjenslane og innhaldet denne versjonen av Medeland evnar å formidle best.
Medealand fungerar best i den realistiske og klassiske delen, for skodespelarane beherskar det språket best. Sånn sett kræsjar form og innhald og spelestil nokre gongar, sjølv om det er eit godt forsøk av regissør Lene Therese Teigen å eksprimentere med desse tre komponentane. Det er litt stivt i starten, men det løsnar etterkvart som historia blir meir og meir dramatisk. Ida Cecilie Klem er stødig i tittelrolla og ein kjennar desperasjonen ho formidler gjennom Medea ta scenerommet. Ane Skumsvoll er ein stadig favoritt som vekslar mellom å vere komisk og alvorleg utan å gå over den eine eller andre grensa.
Enkelte regigrep verkar og litt umodne, der kor aktørane som står på sidelinja repeterer vikige ord, minnar om koret i greske forestillinger, men blir i dette tilfellet eit irriterande og barnsleg grep som verkar å undervurdere publikum sin evne til å tenke sjølv.
Scenografien er enkel, nøytral og funksjonell. Enkelte kostymer er litt malplasserte, og verkar litt tilfeldig vald ut. Det er noko eg brukte unødvendig mykje til å irritere meg over.
Sjølv om handlinga er satt til Korint i eit tidslaust perspektiv, er dette fortsatt aktuell tematikk. Innvandring, rettighetar, statslaushet er noko som aldri sluttar å vere aktuelt så lenge mennesker er på flukt, og det er formidla på overbevisande vis.
Medealand startar i ulykke og endar i ulykke. Heldigvis er ikkje Medealand ulykke for Den Nationale Scene, og forestillinga beviser nok ein gang at dei mest interessante produksjonane er dei som går på dei minste scenane på teatret.
– Ingrid
Medealand: