Kategorier
Meiningar

Kven begår overgrepet mot elevane?

Er kritikken av «I Guds namn» på Hordaland teater riktig?

For ei lita tid sidan skreiv Frontlosjen om den nye ungdomsframsyninga til Hordaland teater. I guds namn er meint å skape refleksjon rundt religionsfridomen i Noreg.

Sidan premieren har fleire valt å uttale seg om stykket, som for tida turnerer i Hordaland DKS. Biskopen i Bjørgvin, Halvar Nordhaug, var tidleg ute og kritiserte, det same var lærar Erik Sukke. Framsyninga blir i hovudsak kritisert på dette punktet:

– den gir eit einsidig ekstremt inntrykk av kristne miljø

Igudsnamn1
Frå framsyninga. Foto: Tor Erik H. Mathiesen

Dette er greitt nok. Det er flott når eit teaterstykke faktisk engasjerer og skapar debatt – og nett engasjement og eigenrefleksjon mistenker vi at var noko av grunnen til at Hordaland teater vel å sette opp dette stykket. Men teateret er klare i si sak når dei understrekar at det er elevane som skal få tilbodet om denne refleksjonen, ikkje at lærarar, biskopar og rektorar  skal ta avgjerde for dei – og skjerme ungdomane frå å måtte gjere seg opp ei eiga meining.

Er det det siste som er i ferd med å skje no? NRK skriv at sju skular har valt å avlyse framsyninga etter åtvaring frå biskopen. Dette meiner teatersjefen er det verkelege overgrepet.

Kritikken til biskopen handlar om at han meiner framsyninga er for karrikert og gir eit bilete av kristendom som noko farleg. Fleire med han har påpeikt at skjebnane som blir teikna verkar noko ekstreme og røyndfjerne (delvis Frontlosjen inkludert). Men så går altså biskop og rektorar hen og hindrar elevane aktivt frå å sjå eit kunstverk som vil at ungdommen skal tenke sjølv.

Når skular vel avlyse framsyninga gjer dei jo nettopp det stykket rettar kritikk mot: dei hindrar elevane i eigen refleksjon rundt religionsfridom. Det er kanskje ein smule ironisk, når avlysinga skjer på bakgrunn av at framsyninga er for røyndfjern.

Uavhengig av kor ekstremt bilete I Guds namn teiknar avenkelte kristne miljø, er det heller sketchy å stoppe kritisk kunst i å nå fram til norske elevar. På kva plan er dette rettvist for elevane? Er ikkje dette eit godt høve til å gje ungdommen fyrstehands erfaring med det som har vorte ein liten samtidsdebatt?

Vi stiller oss prinsipielt bak Ronny Skaar, leiar ved seksjon for kunst- og kulturformidling ved Hordaland fylkeskommune, sitt fråsegn:
– Ein kan ikkje vere avhengig av rektor sin smak eller interesse for at elevane skal få oppleve kunst.
Dette er eit kulturtilbod elevane har rett på.

Sånn. Da har Frontlosjen tatt stilling for dykk, slik at de slepp å oppsøke og reflektere rundt alle debattinnlegga sjølv.
#ReligionsfridomGjennomSensur #ViTenkerForDeg

– Ragnhild og Ingrid

Saka er slått opp i BT i dag, og er nemnt på både scenekunst.no og Dagbladet i tillegg til nemnte NRK.

3 svar til “Kven begår overgrepet mot elevane?”

Sensur er aldri bra. Eg likte framsyninga sjølv om ho av og til var i overkant pedagogisk, men uansett om eg hadde likt ho eller ikkje, så ville eg ikkje ha hindra andre i å sjå ho.

Det er nettopp det. Sjølv om det er forståeleg at rektorane gjer vurderinga utan sjølv å ha sett stykket, er det uheldig at dei sett så stor lit til ytringa til ein person.
Det er heller ikkje elevar eller skular som har kritisert framsyninga (som ferdig produkt) – men ein religiøs leiar som tykkjer eigen religion blir framstilt uheldig.
Og når debatten fyrst er igang er det vanskeleg å skille mellom fråsegna frå dei som har og ikkje har sett produksjonen. Har merka meg fleire av sistnemnte sorten som kommenterer at dei er redd det ekstreme skal bli oppfatta som det normale, og at det blir «teit å vere kristen». Men i framsyninga er alle dei tre unge trygge på si tru, og tek eit oppgjer med praksisen – ikkje religionen.
Håpar fleire vel å sjå til folk som kjenner framsyninga før dei tek stilling til om ho er verd å få med seg.
Og det skal vere sagt: ingen har vondt av å sjå teater dei ikkje liker av og til, skulle det vise seg at dei er meir einige med biskopen enn med meg.

Det er stengt for kommentarer.