Kategorier
Fashion Get the look

Get the look: Trine Skei Grande

Stjel den blå-grøne stilen til kulturministeren!

Trine Skei Grande – vår nye kulturminister i grøn-blått. Vi håpa lenge at ho ville komme på Frontlosjefestivalen, men eit life goal vart brått øydelagt da ho meldte fråfall.

Men hald motet oppe, for vi har løysinga for korleis Trine kan vere tilstades under festivalen:
STJEL STILEN!

Fersk kulturminister!

Trine og Kygo. Representin kultur-norge! 

Du har to looks å velge mellom: politikar blant folket eller bisniswoman på møter. Uansett så bør du velge nokre grøne brille med retrouttrykk og mørke klede. Blått og grønt er dine fargar. Går du for den folkelege stilen, så er det gjerne ein kjole i mønster du velger. Går du for bisnisstilen så er det ein enkel topp, blazer (med kvite detaljar) og eit tørkle i halsen.

Topp Trines stil med uhorveleg mengd blomsterbukettar!

TRINE SKEI GRANDE

Inspirasjonsliste:
Retro briller
Mørke farger, blått og grønt
Blomsterbukett i hendene
Kjoler med blomsteraktig mønster – la deg inspirere av kimonoen
Enda ein blomsterbukett i hendene
Blazer
Tørkle i halsen
Og enda ein blomsterbukett
Svarte sko
Blomster
Sa vi blomsterbukett?
BONUS:

 

Trine er åpenbart ei kattekvinne, og ho går heilt sikker i noko kattegreier på fritida. Så skal du bli ein skikkelig copy cat, bør du investere i eit par fritidsplagg og!

CAT

 

Foto: Trines instagram @trinesg og Helge Mikalsen
– Ingrid og Ragnhild

Om Frontlosjefestivalen – Program 2018 – Billettar

Facebook Page Frontlosjen

Følg festivalen i sosiale media:

unnamed-3Instagram-Logosnapcodeunnamed

Brukarnamn: frontlosjen

// mjøling av eiga kake // frontlosjefestivalen er bloggen sitt eiget initiativ

Legg igjen en kommentar