Sporadiske tankar om Oktoberdans 2016.
1.
I: Treng vi eigentleg å dele opp scenekunst i kategoriane dans og teater? Kvifor er det oktoberdans og meteor annakvart år – kva er eigentleg forskjellen?
R: Ja, det treng vi. Sjølv om skilnaden heldigvis har vorte flytande, tyder det jo ikkje at det ikkje er nokon skilnad. Og så likar eg å sjå ting med kategoriske brillar (som den firkanten eg er), slik at eg kan sjå etter det koreografiske i tekst til dømes. Spennande. Og i år var jo festivalen uvanleg dansarisk!
2.
I: Kva var det eigentleg Deufert & Plischke dreiv på med? Ein innføring i performance-historie. Eller berre ein leik med å finne fram barnet i oss. Eller var det ein slags sjølvhealande reise?
R: Tenk om vi hadde fått oppleve noko slikt da vi var dramaelevar! Veldig triveleg, oppsummerande, ambient og historisk forankra teater. Med vekt på det siste, dette er nok ikkje framtidas teaterform (einig med professoren, dette utforska dei ferdig på åttitalet). Men gu kor gøyt.
3.
I: Ingrid har lenge vore lei av suggererande rørsle med heildekkande kostymer, og har ikkje skjønt kvifor Ragnhild har vore fan av det. Men no har det skjedd utvikling her. You had us at akevitt, Ingri.
R: Digga det! Kjente det formeleg i kroppen – og for nokre kostyme. You had us at aquavit, Ingri!
State av Ingri Fiksdal. Foto: Ingrifiksdal.com
4.
I og R: Kvifor er det ikkje nasjonal ferie under Oktoberdans/Meteor? Vi vil få med oss det faglege programmet!
5.
I: Er nakenheit på scena eigentleg noko for meg, sjølv etter så mange år som tilskodar av den nakne kroppen. Eit spørsmål som stadeg dukker opp.
R: For tida er det like naturleg som klede, dette er ein seigliva trend. Men å sjå nakenheit i ein sensualisert setting var faktisk litt nytt for meg, det endra ting ganske mykje. No er spørsmålet heller…
6. Skal ein lese programmet og om framsyninga på førehand?
I: Eg les sjelden programmet, da kan eg sjå forestillinga på mine eigne premisser. Dessutan lagar eg meg meg ingen forventninger som ikkje blir innfridd.
R: Les det! Det er så mykje samtidskunst som jobbar mykje med kontekst og konsept. Framsyninga har ofte eit berikande liv utanfor det vi ser i teateropplevinga, og eit ekstra lag forståing er jo berre fint. Problemet oppstår når programteksten lovar noko du ikkje får, som den mykje omtalte heftige internettdramaturgien til Hyperfruit, til dømes. http://bit-teatergarasjen.no/program/forestillinger/daae-nordahl/
Ludvig Daae / Joanna Nordahl: Hyperfruit from Kampnagel on Vimeo.
7. … kva var årets Oktoberdans-trend?
I: Kvinnelige dansarar som på sårbart vis tek opp tematikk om kvinners utsatte posisjon i verda, som til dømes overgrep på urbefolkning er viktig, men går det innpå meg når tematikken takast opp gjennom snever samtidsdans?
R: Den objektiviserte kvinna! Sterk eller sårbar, naken eller iført platåsko. Her skal vi snakke om overgrep og geishaverksemd, og måten vi ser på kvinnekroppen.
8.
I: Den frigjorte tilskuer. Blir vi meir frigjort av å ha moglegheit til å komme og gå ut som i vil, snkke med sidemannen innimellom og sjekke mobilen for oppdateringar. Eller låsar det oss fast til enda ein konvensjon?
R: Venue-messig hadde nok alt vore mykje betre om vi berre fekk att byens beste teaterhus!
9.
I: Altså, Pieter Ampe, du er ein storsjarmør, sjølv om du får lønnesirup til å minne om urin.
R: Altså, Ingrid Faanes, det var honning. Eg trur eg skal høyre meir på Vivaldi.
10.
I og R: Heine og Yukiko, altså. V A K K E R T. No er det på tide med scenekunsthus på Sentralbadet!
Carry on av Heine Avdal & Yukiko Shinozaki. Foto: Rune Salomonsen
– Ingrid og Ragnhild
// mjøling av andre si kake // frontlosjen er offisielle festivalbloggarar under oktoberdans 2016