Night Trippin with your two favorite allies

Vi gleda oss eigentleg til ein tur på Fløyen for å sjå Night Tripper, sjølv om det var snø der. Vi gjorde jo det. Men turen ut til Verftet er lang nok den, etter middag. I alle fall lang nok til å ta litt bilete i kulturlandskapet.

IMG_0102IMG_0109IMG_0105  IMG_0128IMG_0154IMG_0160   IMG_0165

Vi forsto det på førehand, at dette er den krevjande typen dans. Det skjer ikkje så mykje forskjellig i Ingri Fiksdal sine verk.

Først må du sitte å sjå litt på korleis repetative rørslar er ganske fascineriande. Og så må du etter kvart innsjå at det neppe kjem til å skje noko særleg meir i løpet av framsyninga. Så blir du litt lei. Så oppdagar du at det jo er ganske mykje som skjer, men i musikken – ikkje rørslene. Så innser du at du neppe har lårmusklar som kan måle seg med dei som står der framme og voggar fram og attende i ring. Det tenker du på ei stund, før du sett vodkaen du fekk i vrangstrupen og må hoste veldig stille. Og så blir du litt fascinert av rørslene att, og tykkjer eigentleg at det er ganske åkei. Men no er det jo nesten heilt mørkt.

For nokre år sidan var vårt første møte med Fiksdal; i Orchard Ballads let vi oss fascinere over kor vakkert det kan vere å dra i eit silketeppe. Vi fekk ei sterk opppleving av korleis dei repetative rørslene gjorde at kroppen i rommet mista sin humane form og såg ut som noko mekanisk, eller ein annan organisme. Ingrid har på kjensla at det var noko av det dei prøvde å videreføre i Band òg, ei anna Fiksdal-framsyning av same sort. Nen sidan ho veit at det er den effekten ein prøvar å oppnå, så fekk ho ikkje same kunstnariske oppleving av det.

Rørslemønsteret i Night Tripper baserer seg på same konsept som dei to føregåande, men her vart dei einsformige rørslene meir rituelt performativt enn visuelt performativt.

Der kor Orchard Ballads og Band slutta ved applausen, var vi her velkommen til å vere att og ta oss litt meir vodka og ete ostepop og Haribo. Det var veldig koseleg å prate med aktørane og teatereliten etterpå, som alltid. Det er jo grunnen til at vi heng så mykje på Teatergarasjen. Og vi blir alltid glade når vi får noko i glaset eller å bite i, ikkje minst når ein oppdager glow sticks mellom den jordanske spriten og drueklasane. YOLO.IMG_0211 IMG_0202 IMG_0173 IMG_0195 IMG_0190 IMG_0186

Konsept: Fiksdal/Langgård/Becker | Koreografi: Ingri Fiksdal | Musikk: Ingvild Langgård | Scenografi: Signe Becker | Dansere: Pernille Holden og Julie Solberg | Musikere: Jørn Tore Egseth, Ane Marthe Sørlien Holen, Ingvild Langgård/Øystein Wyller Odden og Gunhild Mathea Olaussen.

Night Tripper kan du sjå i Bergen også i kveld, tysdag 7. mai.

- Ragnhild og Ingrid

 

 

Bodyguards and mirror mirror

Forord: For å få mest mogleg ambient lesaroppleving, anbefalar eg å lese dette medan du lyttar på denne sangen.

DSC_0414No har eg budd i trønderhovudstaden sidan i fjor sommer, og eg må meddele noko som er litt flaut. Eg har ikkje satt mine bein innanfor institusjonsteatret i byen ein einaste gong. I frykt for at blogglesarar og hysteriske losje-fans skulle kaste seg over meg, har eg haldt meg unna. Heilt fram til laurdag, da var eg invitert med på konsert, og hadde endeleg skaffa meg politibeskyttelse.

DSC_0415Sjølv med politibeskyttelse er det viktig å vere god rosablogger og ta bilete av seg sjølv i speilet. Her er eg og to av vaktene i eitt særdeles heldig lys. Sånn apropos speil. På Trøndelag teater er det mange speil. Eg måtte sjølvsagt prøve ut alle saman, og våga meg ut på ein fotograferingsrunde utan konstablane. Her er ein kjapp vurdering av speglane på teatret.

DSC_0417Heilfigur på toalettet trekk opp, kunstlig lys trekk litt ned. Heilt ok resultat.

DSC_0419Meir heilfigur i foajeen, pluss for naturleg lys frå dei gigantiske vindauga.

DSC_0423Nesten heilfigur frå garderoben. Godt lys til at det var inne i ein krok. Min favoritt. Sjå opp for fleire bileter herfrå ved seinare høver.

Men ja, attende til det dette eigentleg handlar om. Konserten. Us Not Them, ein tributekonsert til Pink Floyd, var opphavleg ein intern greie på teatret. Dette vart vistnok så bra at dei måtte dele det med resten av verda.

Det eg likte best var at her fekk dei som ellers skjular seg i kulissane sjansen til å vise seg fram. I alle fall ein rekvisitør, usikker på kva profesjonen til resten var, men dei kunne i alle fall lurt meg med å seie at dei er musikarar på heiltid. For dette var bra musikk, og eg kjenner i grunnen berre til brikken i veggen og har eit nesten eit ikkjeeksisterande forhold til dei rosa floydane.

DSC_0427Meg og min personlege bodyguard inne i teatersalen. Også slenger eg ved eitt bilete frå konserten berre for skams skuld. bilde(10)Konserten speler i kveld òg på den flotte gamlescena, men eg har på kjensla at du må vere kjapt ute om du vil ha billettar.

- Ingrid.

Tallet er 42. Målet er?

Eg får det ikkje til, ropar ho. 4,2 får ho til svar av dei andre. Nei, 3,9. 3,9 ropar ho til dei på andre sida av elva. Ingen svarar. Berre anda som seier kvakk kvakk.

IMG_9924

IMG_9857Ho kjenner at brygga flyt. Han fekk napp, men ikkje hjå meg seier ho. Kvakk kvakk seier anda. Eller var det ho som sa det? Eg fekk napp!

IMG_9961IMG_9860Er det langt igjen, spør ein av dei. Ikkje meir enn 8,4 får ho til svar. Aha, 8,4, det er jo klart.

IMG_9853IMG_9861 Ekspander! Degrader! Agger! Ho målar opp, no er det omtrent 40, ikkje lenge til 42. Brygga sitt fast.

IMG_9948Eg får det ikkje til seier ho. Men ingen svarar. Dei andre sitt fast i brygga.

IMG_9963 IMG_9968Kva er målet?

- Ingrid

 

Koz med aften i helvete

Det er endeleg vår (i teorien), og vår tyder ny Immaturus-premiere. Eg har sjølvsagt vore der og fått med meg ein kommedie av det guddommelege slaget.Studentteateret Immaturus

Studentteateret hadde funne attende til dei simultane speleplattformane, med eit hærleg søttitalspreg (eg ser for meg at dei stadig gjorte slikt da) – ein stor raud sirkel omgitt av små funkye vulkanar ein kunne stå på.Studentteateret Immaturus Studentteateret Immaturus

Fem skodespelarar representerte alt mellom helvete og jord, med enkle kostymar og imponerande heimelaga maskar. Det som var artig å sjå, var korleis nye skodespelarar nok ein gong imponerte med lovande talent for framtidige studentteaterproduksjonar. Eg hang ikkje støtt med på kva ring i helvete dei vandra igjennom til ei kvar tid, og skulle nok ønskje at ein del småplukk hadde vorte fjerna til fordel for andre meir interessante scener. Men det hadde nok vore tilfelle dersom premiera var tre veker fram i tid – det evige studentteaterproblemet.Studentteateret Immaturus

Uansett – det artigaste med premierer er støtt dei fine kjolane og interessante personlegdomane ein treff i løpet av kvelden. Denne gongen fann eg dei mest interessante  framfor speilet utanfor, og dokumenterte sjølvklart det heile. Her representert ved eit medlem av Kunstnarisk råd, ein lydteknikar og ein dreven skodespelardiva: IT-crowdenObligatoriskDen guddommelige komedie kan du sjå 4.,5.,7. og 8. mars kl 19.30 i Tivoli på Kvarteret.

Alle framsyningsfoto er henta frå Immaturus si fjasbokside.

-Ragnhild

Her tenkte eg å skrive ei klein lokalavisoverskrift som «danser med spaserstokk», men eg droppar det.

I går tilbragte eg ei stund i dansestudio. Skulle ønske eg kunne overraske dykk med å seie at det var eg som dansa, men her må eg nok skuffe dykk. Sjølv om eg visstnok hadde eitt naturleg talent for klassisk ballett i min ungdom, overlet eg heller dansinga til andre talent. Eg var heller god rosablogger og tok bilete av meg sjølv i dei store speglane i salen – ein rosabloggers våte draum.

I studio skulle eg møte Guro og Cathrine som lagar forestilling for pensjonister og andre vel over vår aldersklasse. Danserinnene, som har gått på skolen for samtidsdans saman, har i ei veke improvisert fram ei danseforestilling med temaet minner som utgangspunkt. På laurdag visar dei utdrag av framsyninga Jeg minnes på Ila Brainnstasjon i trønderhovudstaden. Men det er folk som bur på gamleheimar som får den store gleda av å sjå heile sulamitten, forestillinga skal nemleg ut på turne med den kulturelle spaserstokken - eit prosjekt eg har veldig sansen for! Når ein skal lage forestilling for nokon som har levd lange liv ein ikkje kjenner til, må ein møtast ein plass med felles referanserammar. Guro og Cathrine veit jo ikkje korleis det er å ha levd eit langt liv, gjerne saman med ein partner mange av dei åra. Dei har heller ikkje levd i gamledagar. Men vi har alle vore barn, og vi har alle minnar frå livet som vi kan glede oss over. Slik håpar dei å møte ei målgruppe som er heller ukjende for dei.

Det er over assosiasjonar frå eigne minner dei har laga denne forestillina. Men besteforeldre som har levd lenge saman har òg vore ein inspirasjonskjelde. Relasjonar og minner ein har skapt gjennom eit heilt liv saman er like viktige her som dei individuelle minnane vi har. Dei vil heller ta utgangspunkt i dei små augneblinka enn dei store hendingane i livet. Det kan vere ei lukt ein kjenner att, ein sang eller ei god kjensle. Det er desse minna som blir til danserørsler. Og ut av danserørslene håpar dei at publikum skapar sine eigne assosiasjonar og kjem på eigne minner.

Berre no når eg skriv dette kjem minnane av lukta av klubb og duppe fram. Kanskje eg skal besøke mormor ein dag og be ho lage det til middag…

Danserinnene er veldig opptekne av at dei kjem dit folket er. Dette er ikkje ei forestilling i ein blackbox kor publikum er på eine sida, og aktørar på den andre sida. Det skal dansast i fellesstover på heimane, i publikum sitt eiget miljø. Slik sett blir kunsten meir tilgjengeleg for dei som kanskje ikkje kan flytte så langt på seg, og det verkar trivelegare enn ein mørk sal og spør du meg. I første omgang skal dei turnere i Rogaland, men kanskje dei kjem til andre stadar òg. Men forresten, ein må jo vere busatt på ein heim for å få det med seg, kanskje det kan vere ein god anledning til å besøke den eldre garde, og få med seg litt dansekunst med det same?

Kom på laurdag da vel, og om du trur at samtidsdans ikkje er noko for deg, kan du ta eitt lynkurs her.

- Ingrid

 

 

Pretty/shitty violet red herring false peach mobile homes lohengrin

Hallo bloggen! Håpar alle har hatt ei fin helg, det har vi. Bortsett fra at laderen til speilrefleksen klikka og begge batteriene var helt daude, så fikk vi tatt nokre bileter med mobilen. Typisk altså, haaaater når det skjer. Men no skal ny ladar kjøpast, så da håpar vi på betre bileter framover :P <3 ;) LOL

Fredagen starta med te og planlegging av sesongslipp hjå Ragnhild. Legg merke til teaterkoppen :)

powerpoint <3 Så traska vi bort til BIT for å planlegge sesongslippet  =)

Karoline og Sven Åge viste fram kontorantrekkene sine. Fiiine folka <3 <3 <3

Så gikk vi på butikken og kjøpte Lohengrinsjokolade til kvelden. Den ble en suksess! :D Ny musikk starta slippet med å spele eit utdrag fra forestillinga Lohengrin, som er første forestilling ut hjå BIT denne våren. Så var det vår tur til å presentere resten av programmet. Slik så det ut fra vår vinkel:

Pausesjokolade saman med vår eigen hamlet og vinner av Trek/Wars-selskapsleik  :) Når det heile var over måtte vi sjølvsagt ta bilete av outfiten. Som bestod av valfritt antrekk, hamletkrone og dei fine mastersjala våre.

Drittfotograf altså :P som ikkje skjønte at skoene er ein del av outfiten. Vi gikk heller på toalettet og tok fine speilbileter av oss sjølv

Resten av kvelden glemte vi heeelt å ta bileter, så da hoppar vi til laurdag som bestod av vin på fin coaster :)

Etterpå trasket vi bort til Kvarteret kor immaturus hadde hatt vintercabaret, vi ble med på the afterparty og dansa heile natt. woop woop :D

Teatersjefen hadde på seg fin glitrande kjole som vi vart veldig sjalu på :/ Dessutan var det ingen som sa til oss at ho fylte år den dagen, så vi gratulerer så mykje på etterskudd !!! :D :D :D

Fine plastblomer frå vintercabareten avslutta helga. Og alle var enige om at det hadde vært en fiiin helg. hehe :D

 

Sesongslipp og konkurranse!

Fredag 1. februar ønskar vi deg velkommen til BIT-teatergarasjens sesongslipp! Klokka attennullnull (18.00) på Logen bar. Frontlosjen leiar an kvelden med vårt rosafarga slør. Vi skal samtale med BIT-sjef Sven Åge om vårens program, og kanskje får de servert andre godbitar òg? BIT lovar i alle fall nokre glas med bobler, det seier vi aldri nei til!

I den anledning har vi ein …

Du kan vinne billetter til valfri forestilling på BIT denne våren. Alt du treng å gjere er å svare på dette spørsmålet:

Viss BIT-teatergarasjen skulle hatt sin eigen sjokolade, kva skulle namnet vore og kva smak skulle den hatt?

Du svarar i kommentarfeltet, og vi avslører vinnaren under sesongslippet. Ta ein titt på programmet til BIT her og finn ut kva forestilling som er din favoritt!

Vel møtt og tvi tvi!

- Ragnhild og Ingrid

#BITslipp