Nora som dansar tarantella seiast å vere the missing link mellom monodrama og performance, det kan ikkje nemnast for mange gongar.
Ved kvar ein ny oppsetting av Et Dukkehjem er det mest spanande korleis Tarantellaen tolkast. Ein dans som sikkert har hatt like mange tolkingar som … noko som eh.. er tolka mange gongar. Vi har lenge tenkt på kva som hadde vore den optimale låta å danse Tarantella til, så vi gjennomførte ei brukarundersøking på diverse sosiale media og spurte:
Viss du skulle satt opp Et dukkehjem, kva sang skulle Nora dansa tarantella til?
Så i dag presenterer vi Topp fem låter Nora burde danse Tarantella til. Ei liste som er jobba fram av Frontlosjens redaksjon med vener.
Nora er ei kompleks dame. Ho er rastlaus og impulsiv, på grensa til gal eller tullete. Men og eit bevis på feminisme i praksis, ho let seg ikkje dulle med (i alle fall ikkje mot slutten).
Vi har sjølvsagt enkelte kriteriar for låtane. 1: at det skal gå an å danse til som om ein er bitt av ein tarantella. 2: at teksten reflekterer anten den crazy sida av Nora eller feminist-sida. Men det treng ikkje vere begge delar. Frontlosjen er barn av nittitalet, da er det naturleg at heile lista endar i ein overdose av Girl Power (sjølv utan ein einaste sang av Spice Girls). Det visar berre at Nora er ei kvinne av alle tidar.
1. Aaron Carter – Crazy little party girl
Ein fuktig tur på byen med Nora er det ingen som veit korleis ender. Plutseleg har ein endt opp på telttur med med røyrlegarar frå Askøy og ein utstoppa bjørn. Nora er rett og slett ei gal partyjente. Og ekstra artig blir denne statementen når det er ein 10 år gamal gut som syng det. Og kven er det som har ironisk distanse nok til å sette opp denne versjonen? Jo, Fredrik Longva i Immaturus sjølvsagt.
2. Robyn – Konichiwa Bitches
Du køddar ikkje med Nora! Bitches!
‘Cause I’ll hammer your toe
Like a pediatrician
Saw you in half
Like I’m a magician
Torvald be ware! Vi ser for at Verk Produksjoner kunne laga ein maksimalistisk versjon i kjend stil med denne låta.
3. Kings og convenience – I’d rather dance with you
No er det nok prat, dans i staden! Hald kjeft Torvald! Også er det greitt å bruke noko lokkalt, aller helst skulle Erlend Øye vore med og spelt sjølv. Marit Moum Aune skulle satt opp denne versjonen.
4. Miley Cyrus – Wrecking ball
Jon Refsdal Moe sin favoritt. Miley og Nora er kanskje like fucka i hovudet. Dessutan er det intelligent å vise referansar til popkulturen. Per Perez Øyan er kjend for sine popambiente metaforestillinger og han hadde vore perfekt til å iscenesette Nora og Miley.
5. Nelly Furtado – I’m like a bird
Når Torvald kallar Nora hennar lille lerkefugl, kjennast frysningane langt nedover ryggen. Greit nok å bli kalla det på kødd, men Torvald meinte det verkeleg og ingen vil bli kalt det på virkeleg. Kven er det som er dyktig/flyktig nok til denne sangen? Stein Winge sjølvsagt.
Men det stoppar ikkje med fem låtar! Vi har sjølvsagt laga ei speleliste med Tarantella-favorittar. Høyr på denne lista når du skal vaske til helga, eller ta ein fest i kveld.
Har du forslag til fleire sanger vi kan ha med i Tarantella-spelelista, så kommenter gjerne!
– Ingrid
1 svar til “Topp fem: Tarantella”
[…] ← Førre […]