Kategorier
Festival Livsstil Topp 5

Topp 5: Teaterfestivalar

Fem teaterfestivalar du må få med deg før du døyr.

Det heile starta som ein festival, til ære for vinguden. No er vel det vel heller meir til ære for scenekunsten i seg sjølv, men sjølvsagt; det er vel fortsatt lov å drikke vin. Vi har samla eit knippe teaterfestivalar ein bør oppleve i løpet av livet – og vi har dessverre ikkje vore på nokre av dei sjølv heller.

Nordwind

Det må sjølvsagt vere med ein festival i Tyskland på ei slik liste. Nordwind festival arrangerast i Dredsen, Hamburg og Berlin på hausten. Det er ein platform for nordisk scenekunst og kulturuveksling mellom dei nordiske landa og Tyskland. På desse vekene blir det som eit lille Norden i Tyskland, og passar godt for hipstarar i Tyskland med heimlengsel. I år skal mellom anna Ingri Fiksdal, Verk Produksjoner og Thomas Dybdahl delta frå Noreg. Ein kan og få med seg fleire seminar med mange viktige nordiske stemmer. Går frå 22. november til 5. desember i dei tre respektive byane – kanskje du rekk å ta deg ein tur?

Eiswürfel_GesichtBaltic Circle

Eg må innrømmet at det ikkje er så mykje apelerende med Finland – sprit, kulde og folk som banner mykje er det eg reint fordomsfult forbinder med dette nabolandet. Derfor burde eg heilt klart reist dit, og om eg skulle gjort det hadde det blitt på Baltic Circle. Dessutan forbind eg heller ikkje Finland særleg med scenekunst. Men Oblivia og Juha Valkeapää har eg jo sett fleire gongar under Bastard, og med det skulle ein jo tru at det finnast fleire interessante scenekunstnarar enn dei i Finland – og det kan opplevast på Baltic Circle, som tilfeldigvis foregår akkurat i desse dagar.

1456059_10151688663157461_410874084_nFestival d’Avignon

På kontinentet er det ikkje berre i Berlin og Tyskland det skjer, franskmennene har klart å lage ein stor og viktig teaterfestival dei og! Festivalen i Avignon reknast som ein av dei viktigaste samtidsscenekunstfestivalane i verda heilt sidan 1947. Ein les alltid rapportar derfrå Shakespearetidsskriftet og på scenekunst.no. Det er stor fare for at store namn som Rimini Protokoll dukkar opp, og i mellomtida kan ein ta seg ein sykkeltur langs landevegen med baguettar og raudvin sykkelkorga, for å oppleve ein klisjefult julidag på den franske landsbygda.

800px-Avignon_festival_2006_asobu_popes_palaceOberamergau

(Dette er kanskje ikkje ein festival, men skitt au) Da den tyske landsbyen Oberamergau vart ramma av pest i 1633, lovte innbyggarane at dei skulle sette opp eit pasjonsspel, som handlar om Jesu siste tid på jorda, kvart tiande år for resten av evigheten om Gud gjorde slutt på elendigheten. Pesten ga seg i alle fall, og innbyggarane gjer fortsatt som dei lovte. Oberamergaus pasjonsspel er det einaste så og seie autentiske gjenlevande frå mellomalderen og for teaternerdar som oss, er det grunn nok i seg sjølv til å delta. Det heile skal vere storslagent, med massecenar av mennesker og dyr, heftige kostymer og avansert scenografi, og sjølvsagt fleire innslag av tableau vivant – ein teaterviters draum. No veit de kor de finn oss sommaren 2020.

Passion-Play-Oberammergau-2010-Germany_Golden-CalfIMG_20131115_132920– Da mormora til Ingrid var i Oberamergau i 2010 var ho ganske sjalu, men heldigvis fekk ho ei fin biletebok i feriegåve derfrå.

Stamsund teaterfestival

Det er sjølvsagt fleire norske teaterfestivalar vi kunne hatt med på lista, men vi ville ikkje at BIT skulle bli sjalu på TAG eller omvent, derfor velger vi den festivalen som ligg i mest eksotiske plassen: Stamsund i Lofoten. Ein internasjonal teaterfestival omringa av übernorsk natur freistar like mykje for oss som er oppvokse i lavlandet/innlandet som dei frå andre sida av jorda. Det fine er at dei speler alt frå klassiske komediar av den lokale kulturskolen til eksprimentelle nakenforestillinger av internasjonale performancekunstnarar – noko for ein kvar smak altså. Det heile verkar frykteleg folkeleg på den joviale måten, og eg ser for meg at det er stor mogleghet for å få den rette festivalkjensla. Eg trur eg veit kor eg skal 27.mai til 1. juni til neste år.

openingimage 1foto: stamsund-internasjonale.no

-Ingrid