Kategorier
Meiningar Topp 5

Årsmelding 2014

Vi oppsummerer scenekunståret 2014 kort og brutalt!

Året 2014 avslutta like fort som det kom, og det har vore eit teaterår med sjarme, glede, kjærleik, regn, gudfryktigheit, romvesen, murmel, fanart, penis-i-øyret, hår, skog, blindebukk og dans.

Årets opptur: Lite visste vi ved årets start at vi skulle på festival i ei lita bygd på vestlandet! Men i år veit vi at vi skal attende til Teaterfestivalen i Fjaler! Fantastisk stemning og rævva vær var ein perfekt innpakning av det beste norsk samtidsteaterkan by på. Det er slik scenekunstfestivalar bør vere!

DSC02843

Årets nedtur: Det er noko med det å ha forventningar til saker i livet. Har ein for store forventningar er fallhøgda som regel stor, og vegen til skuffelse er kort. Det var ikkje det at La Substance, but in english var dårleg, det var berre det at det var noko heilt anna enn forventa. LItt meir introvert og litt mindre super-hipster-ambient-event enn forventa. Sånn sett kan ein kanskje kalle dette for årets skuffelse.

Årets sjampis: Nokre gongar får ein berre lyst til å gi folk ein god klem. Dette gjeld særleg Zachary Oberzan. Eller vi får lyst til lå gi han ei stor flaske sjampis og ta oss ein god fest med han.

Årets overrasking: I ein heim i Fjaler skulle vi sjå Sonen av Jon Fosse – på tyrkisk! Dette stykket var som skriven for denne stova og for denne teatergruppa. På merkeleg vis forstod vi meir av Jon Fosse når det var på eit språk vi ikkje forstod.

Årets ambiente: Altså, Heine Avdal er kanskje det mest sjarmerande vesente som stod på oktoberdans sine scenar i 2014-versjonen av festivalen. Distant Voices braut skiljet mellom aktørar og publikum på galant vis, og ved brukar av boksar og bokstavar som vart flytta på i rommet vart vi alle aktørar og alle tilskodarar. Også kan det ha noko med med eit kjøleskap full av bobler å gjere og…

DSC03359

Årets kleineste: Ingen ting er kleinare enn det som verka som eit påtvunge prosessteater med eit resteensemble på DNS. Og ja – det er bra å ta tak i lokal problematikk, men please: finn ei litt meir personleg vinkling da.  RusLab stilte med eplekake og sjarmerande intervju, men vi trur LilleLab har langt meir potensiale enn det vi har sett til no. Kva med litt mindre fokus på det låge budsjettet og litt meir fokus på eksperimentering?

Årets moteinnslag: Når ein har ein heil festival som går i fine fargetonar med rosa, gult og lyseblått, så er det opplagt at ein skal kle seg i matchande antrekk. Og neglelakk! Notat til sjølve: skaff fleire grå-blå og gule plagg til neste gong, slik at det ikkje blir berre rosa.

mai 2014 176

Årets særeste: Det var litt vanskeleg å forstå kva Dana Michel i forestillinga Yellow towel under Bastard 2014 prøvde på. Men ein ting er i alle fall sikkert: noko liknande skal ein leite lenger etter. Krampeaktige krypdyr-rørsler med spastiske rykningar. Og ikkje eit gult handklede i det heile. Berre ein strevsom måte å drikke melk på og noko tørrjukking av ein kontorpult. Det er vanskeleg å vite om Dana er genial eller berre gal. Kanskje ein god kombinasjon?

Årets podcast: Frontlosjen på U-dan.net. Nuf said.

Årets matoppleving: Vi er litt usiker på kor interessant det er å sjå på nokon som tygger tyggis på ei scene i ein halvtime utan å gjere noko anna, men det medførte i alle fall til årets kvalmaste #fanart for vår del. Tyggis. mens vi venter, fml. har verkeleg gjort at vi gjennoppdaga hubba bubba. Men neste gong klarar vi oss kanskje med fem på ein gong, og kanskje ein annan smak enn rosa.

fanart_mens vi venter 1

Årets komedie: På HAU2 i Berlin spelte Gob Squad si forestilling Western Society. Dei skulle lage ein reenactment av ein døll fest på ein film frå youtube. Men dette trenge dei sjølvsagt publikum til å vere med på. Stor dose sjarme, som gjer at ein går lykkeleg ut av teatret. Også låg det jo noko dypare bak det og, sjølvsagt – om det vestlege samfunnet.

Årets tragedieRomeo & Julia på Shaubühne. Enderleg trur vi på kjærleiken! (les: begjæret til to fjortisar)

Årets snakkis: I Guds namn tok jo verkeleg av i fjor vinter. Sjølvklart var Frontlosjen der på den berykta prøveframsyninga.

Årets nykommer: Over Engen-konseptet, representert ved Alien. Her kjende vi som tilskodarar oss verkeleg som ein del av noko unikt!

Alien_web-15

Årets test: Den store tema-testen har vi bruk flittig når vi skal vurdere forestillingar vi ser, ikkje berre Pearl of Scandinavia, som den fyrst vart nytta på.

Kva var di mest minneverdige teateroppleving i 2014?

– Ragnhild og Ingrid