Kategorier
Fashion Get the look Teatervitskap

Get the look: Keld

Gli enkelt inn i akademiske kretsar ved å kopiere Keld Hyldigs evig klassiske klesstil.

Vi har alle lurt på det: Kva er hemmeligheten? Korleis kan du framstå som både 5 og 10 år yngre utan å ty til botox og skumle legemiddel (trur vi)?

Frontlosjen vil kome til bunns i saka for deg, kjære lesar. I anledning markeringa av 60-årsdagen til førteamanuensis i teatervitskap ved UiB, har vi analysert stilen til Keld Hyldig.

Det er i grunnen ikkje så vanskelig; ei skjorte med eit litt sprekt mønster, mørke bukser, stilige sko og skinnjakke (eller stilig manneparkas).

eller jo – så vanskelig er det, for skjorta er ikkje noko harry Hawaii-opplegg, buksa skal ikkje ha fake slitt mønster, skoa bør ikkje sjå ut som du skal  på fjelltur i, men heller ikkje på galla og skinnjakka skal ikkje vere for rocka og heller ikkje for kjedelig. Klassisk med ein twist, men du skal ikkje sjå ut som verken bilselgar eller BI-student, du skal rett og slett sjå ut som Keld.

Keld

Slik skapar du stilen:

  • skjorte
  • singlet under skjorta
  • mørke bukser, gjerne jeans
  • stilige sko
  • skinnjakke, eller liknande
  • evt. cardigan eller blazer
  • enkelt belte
  • sekk til datamaskina

 

 

Keld
Keld by algoria featuring red wine glasses
Og for deg som vil ha med det ekstra lille, er ein stilig salt’n peppa-hårsveis og silhouettbrillar eit ubetinga must.
silhouette_7624_40-6065-51_19_side_5
KeldGeorge
10522891_10154391819365531_1663421238_n
– Ragnhild og Ingrid