I høve Grunnlovas 201-årsdag og Friluftslivets år har vi æra av å presentere Marie Nikazm Bakken og scenekunstkollektivet The Great Pretenders (TGP). Med brask og bram har dei stelt i stand eit seks timar langt vikingspel midt i hjartet av Noreg, under påskot av å iscenesette Ibsens mellomalderdrama Kongsemnerne. Med geiter. Og papp.
ASL, Marie?
27 – F – Otta/Stockholm
Kva er du aktuell med?
Akkurat no gjer eg Kongsemnerne av Henrik Ibsen på Otta Kulturhus med Fredrik Floen og nesten 30 andre scenekunstnerar og lokale folk (sjå oversikt i slutten av saka, red.anm.). Stykket vårt er ei krysning mellom vikingspel, uborgeleg drama og Noregshistoria fritt etter hukommelsen.
Les Christoffer Biong si omtale av framsyninga her.
Kvifor akkurat Kongsemnerne?
Eg las Kongsemnerne fyrste gong medan eg studerte Teatervitskap i Oslo (R.I.P.) nokon år attende. Eg viste det til Fredrik som eg arbeider med. Vi prata om kor mykje overflod som fins der, og som ikkje fins i Ibsen goes titteskap. Det er meir som eit spel på ein måte. Eg vil seie det ultimate spelmateriell. Vi blei forelska i stykket med ein gong, og resten får ein dukke opp for å høyre meir om.
… og kvifor akkurat The Great Pretenders?
At eg er i TGP er ein slags geografisk tilfeldighet, om ein kan seie det slik. At eg kjem frå området, meiner eg. Men det å ville noko på Otta kjem og frå ei slags krise eg hadde eit par år attende. Eg blei veldig lei av teaterkonteksten i Oslo på eit tidspunkt, eller eg visste ikkje korleis eg skulle plassere meg der. Så ein kan vel si at dette og er eit forsøk for oss å skape nye kontekstar teatret kan eksistere i.

Om du ikkje hadde jobba med scenekunst, kva ville du ha gjort da?
Har hatt fleire drømmescenarioer i livet, her kjem dei med matchande alder:
- Slangemenneske (12 -14 år)
- bli atomfyrsiker (14-16 år)
- studere resten av livet, humaniora <3 (22-24 år)
- permanent fjellvandrar (25 år og oppover)
Har du nokre skjulte eigenskapar?
Eg elskar å bake, kaker og desserter. #guiltypleasures #foodporn
Kva var ditt fyrste møte med teateret?
Eg har to; eg trur eit av dei aller fyrste var Taremareby av barneteatret på Otta. Eg hugsar barn i fiskekostymer og fargar og former mest. Etter det trur eg at Romeo og Julie på Riksteatret var eit av mine fyrste. Veit ikkje om eg hadde vore så begeistra hadde eg sett ho i dag, men den gjorde så mykje inntrykk då, at eg byrja med teater.
(Vi meiner òg bestemt at Ragnhild sin opptreden i nemde Taremareby gjorde vanvittig sterkt inntrykk, red.anm.)
Kva er di verste teateroppleving?
No ha eg sutte ein heil dag og tenkt kva eg skal svare på dette. Eg vel å feige ut på name-droppinga. Eg skal heller ærleg seie at eg ofte sit i eit mørkt hjørne og forbitrer meg over alt og alle.
Kva vil du seie til unge aspirerande bygdadyr som har lyst på ei framtid innanfor scenekunst?
Kvifor bør folk sette seg på vikingbussen?
Fordi det er på tide å få teatret ut av Black Box-holet. Og fordi det er sunt å komme seg opp på fjellet å få litt frisk luft. #friluftlivetsår

Kva tre ting ville du tatt med deg på ei 16 timar lang Vinge/Müller-framsyning?
Termos med egna drikke, Jägermeister og sitteunderlag.
Draumekjærast?
Fredrik Floen…
Korleis skal TGP ta over verda?
For å quote Mårten Spångberg: ”stay in the middle and fight for your life”. Eventuelt reis til Otta.

Kan du seie noko om dagens outfit?
Dagens outfit (under, red.anm.) er ei klassisk vikingdrakt, med teppekunst på front. Fungerer like greit til kvardags, jakt, fiske og fest. Kan lett pimpast opp med eit belte i livet og spyd for formelle anledningar. Blå er kongefargen og det passar jau fint i desse tider (les: svar på spørsmål 2).

Vi seier hade Marie, og lukke til!
– Ragnhild og Ingrid
Kongsemnerne – Marie Nikazm Bakken / Fredrik Floen / Maja Bekken / Marie Othilie Hundevadt / Øyvin Dahle Løype / Ivan Wahren / Gesine Kaufman / David Stephen Grant / Tilman van Tankeren / Barbro Bekken / Tone Aminda Gøytil Lund / Petter Width Kristiansen / Harald Kolaas / Paloma Leyton / Oda Kirkebø Nyfløtt / Rannei Grenne / Sigrid Marie Kittelsaa Vesaas / Marte Reithaug Sterud / Sveinung Næprud / Sofie Huijs / Martin Korssletten / Therese Hansveen / Gabriel Stenlund Larsen / Anna Øihusom / Maiken Kvalvåg / Dag Gjertsen / Katja Henriksen Schia / Kristian Bergh / Caroline Mikkelsen / Yury Rogachev / Siri Bjaaland / Huubertus Huijs / Sanna Maureen Bjerketvedt / bueskytterne v/ Jostein Espelund, geitene Adolf og Eva
Speles 8.–9. og 14.–15. august på Otta.
Vikingbuss 15. august: Avgang frå Oslo kl 12:45 (marstrandsgate 8), Hamar kl. 14:50 (Hamar Kulturhus), Lillehammer kl. 15:50 (Håkons hall) og berekna ankomst på Otta er ca 17:30. Turen koster 200 kr tur/retur og påmelding skjer på: kongsemnerne@gmail.com
