Kategorier
Sei hei til

Sei hei til Maja

Verdsturné er meet like bra som påskekrim.

«Prestisjefylt teaterkompani besøker endeleg Oslo», seier Det Norske Teatret. Vi er mest opptatt av dei som jobber med kompaniet: tidlegare elevar frå skodespelatutdanninga til HiNT (Forget Me Not starta som hovudproduksjonen til 2012-kullet). Og nærmare bestemt ho eine vi kjenner sjølv, frå både Otta og Inderøy. Så når framsyninga til Compagnie Philippe Genty no er i Noreg, måtte vi jo nesten rydde plass i den digitale minneboka vår: Sei hei til Maja Bekken.

 

ASL?
Jente 24, bor i koffert, født på Otta

Stjerneteikn?
Fiskene

Kva er du aktuell med?
«Forget me not», med Compagnie Philippe Genty, på Det Norske Teateret 23. og 24. april

Korleis er det å vere på turné så lenge?
Kjempebra å bli så godt kjent med fjorten reisekamerater og kjempeslitsomt å flytte på seg av og til. Tru det eller ei, men har ikkje vorte lei av forestillinga og finn nye ting å jobbe med (nesten!) kvar dag. Det blir berre meir og meir å plukke på! Hjelp. Og publikum er aldri likt og lyskasterne er aldri helt de samme og så videre og så videre. En dag blør man neseblod på den kvite kjolen sin midt på scena og den neste står spybytta klar bak scena. X-faktoren holder oss i håret. Så vi blir godt kjent! Og lærer å takle det meste i lag, og det smitter liksom over på forestillinga. Liv og turne blir som en slags «melange», som det heter på fransk.

Kva var ditt fyrste møte med teateret?
Det første stykket jeg husker å ha sett var Askeladden og de gode hjelperne med Riksteateret. Det var enorme dukker og en stor duk som blafra var havet. Det gjorde sterkt inntrykk.

Tre ting du helst ville hatt med deg på ei 16 timar lang Vinge/Müller-framsyning?
Tre gode venner ( teller det som «ting»?)

..Kanskje to venner og en massasjestol.

Kva er det viktigaste du har lært av utdanninga di (inkl. ivgs!)?
Når man trives så går allting bra. At talent er å trives!

Kva er ditt favoritt-franskord?
«Oh- la- la » ( det er ingen myte at franskmennene bruker det titt og ofte. Barna roper det høyt under kyssescene i Forget me not)

Beskriv ein vanleg arbeidsdag for deg vinteren 2014.
Stå opp så eg akkurat rekk hotellfrokosten. Morgengymnastikk viss størrelsen på hotellrommet tillater det. Ei lita byvandring før det ber til teateret. Lønsj. Utpå formiddagen møtes vi på teateret til teknisk gjennomgang og/ eller prøver på diverse vi har behov for/ lyst til å jobbe med. Teknikerne er med på arbeidet og kommer med innspill til spillet på scenen i tillegg til teknikken. Forestilling. Dusj, svette , latter og tårer. Samtale med publikum eller nedrigg. Middag med alle. Prøve å få ned adrenalinet, med dagens nettavis eller ei bok.

Kva er din beste eigenskap?
Godt humør!

Beste teateroppleving?
Verdsturne med compagnie Philippe Genty. Eller! Påskekrim på hytta med Radioteateret.

Kvar bur du om ti år?
Kvar det måtte passe.

Korleis skal du ta over verda?
Med eit stort smil!

Vi fekk lov til å velge bilete fritt frå facebooksida hennar for å beskrive Maja. Vi valgte dette, fordi vi ser for oss at det er sånn ho fartar rundt i den store verdsmetropolen på turné (foto: L. J. Kvitvik).

 

Forget Me Not speles på Det Norske Teatret 23. og 24. april.
Passar for vaksne og barn frå 7 år.
Vi seier Hade Maja, og lukke til!