Kategorier
Omtalar

Ubåtskrekk!

Ingrid har sett Das Boot på Det norske teatret.

Dette innlegget handlar mest om kva eg syntest om Das Boot (Sjå Ragnhild sin omtale her, eg har faktisk ikkje lest den enno, vi prøver å vere individuelle og komme med kvar vår meining), men det handlar og litt om det å ha ubåtskrekk.

Heldigvis har ikkje eg ubåtskrekk, så eg prøver å gi ei oppsummering av forestillinga basert på mine, nøytrale observasjonar. Men ho eg såg forestillinga med, Charlotte, har det, så eg vart kanskje litt påvirka av det.

Charlotte drikk vin for å manne seg opp.

Eg må ærleg innrømme at det beste med heile forestillinga var scenografien – skalet av ein ubåt sett i eitt tverrsnitt. Slik vart publikum fluger på veggen som kunne observere livet i ubåten, og det lille dei gjekk opp på dekk (heiter det på dekk på ein ubåt? – de får unnskylde min mangel på ubåt-terminologi, eiaste eg veit om ubåtar er at det ikkje er lov å nemne eit visst dyr om bord på ein). Det var og eitt bakteppe med bileter frå andre verdskrig, som handlinga var satt til. Dette bakteppet vart og nytta for å illustrere når ubåten gjekk ned og opp av vatnet. Dette syntes Charlotte var det skumlaste, eg syntes det var veldig fint illustrert framfor noko anna.

Etter å ha blitt både imponert og fascinert over scenografien tenkte eg at dette måtte bli veldig marginalt for regiløysingane, men tvert i mot. Kanskje nettopp fordi det var så redusert plass å spele på, vart aktørane veldig bevisste på sine bevegelser og handlingar. Skodespelarane formidla livet i ubåten på ein overbevisande måte. Ein skulle tru at ei forestilling som berre foregår inne i ein ubåt blir litt einsformig i lengda, men reint regimessig fungerte det godt.

Eg tar bilete i speilet for å vise fram teaterpelsen min (dette må eg øve meir på ser eg).

Musikken av Bugge Wesseltoft passa og veldig godt inn. Men eg likte særleg at i mange av dei dramatiske scenene vart ikkje musikk brukt i det heile. Det å bruke musikk for å underbygge spanande og viktig handlig er jo så å seie standard, men nettopp fordi dei gjorde det motsatte vart dei viktige scenane meir tydelege.

Men kanskje det er ein grunn at musikk brukast så ofte for å drive handling framover, fordi eg såg ingen ting som gjorde det. Det veksla mellom dramatiske scener og meir daglegdagse scener utan at eg merka at eitt spenningspunkt kom. Det såg ut som det skulle bygge seg opp mot ein spanande slutt, men for min del vart det aldri veldig spanande, det berre slutta. Kanskje det har noko med regien å gjere, kanskje har det noko med skodespelarane å gjere, det har slått meg at det og kan ha noko med overgangane mellom kvar scene å gjere, utan at eg klarar å finne eitt svar på det.

I tillegg var det med ein kvinneleg rolle, ein scenograf som kom inn og brøyt handlinga og fortalte om bestefar sin som døydde under krigen. Kva var vitsen med ho?

Kva eg syntes var bra og kva eg syntes var dårleg? Eg vart verken veldig imponert eller det motsatte av imponert (kva ord nyttar ein for det motsatte av imponert?). Eg gjekk ut frå salen med ei heilt OK teateroppleving, og Charlotte kanskje med litt meir skrekkblanda fryd.

Pels, vin og teater går hand i hand!

Viss du ikkje  har fått med deg, eller ikkje kan få med deg forestillinga, er det fullt mogleg å sjå filmen forestillinga var basert på.

– Ingrid

 

4 svar til “Ubåtskrekk!”

Bra innlegg. Og ja, det var skrekkblanda fryd for min del. Enig i at scenografien var det beste. Ellers var det snasne bilder. Koz.

PS: tror ikkje eg skal se traileren på slutten.

Det er stengt for kommentarer.