Immaturus imponerer stadig. Og dette trur eg at eg kan seie uavhengig av mitt tette forhold til Bergens studentteater.Tivoli er nok ein gong forandra til eit nytt univers, denne gongen ein white box med cat walk. Vi tilskodarar vart plasserte som publikum på ei moteshow, og ein kjem verkeleg nærmare skodespelet når ein bokstaveleg tala kan strekke føtene ut på scena.

Fire skodespelarar synte oss eit kompleks samlivsdrama, med to skritt til sida og bytt partnar i hytt og gevær. Berre eitt nytt ansikt denne gongen, men immaturusveteranane er gjengangarar av ein grunn. Her var det ingen svake ledd, og samspelet gneistra mot den kvite bakgrunnen. Det nøytrale spelerommet var passeleg abstrakt og hadde akkurat nok rekvisittar til at de fungerte – i god harmoni med spelet. Kostyma passa òg godt inn, med berre små variasjonar frå det kritkvite gjennomgangstemaet. Og ikkje minst: det merkast at Immaturus etter kvart har fått eit godt samarbeid med habile teknikarar.
Berre ein stad tykte eg at produksjonen bomma: eit plutseleg sinneutbrot blant fleire av karakterane gjekk over i ein slags messande abstrakt modus, av typen ”eg-børstar-av-meg-innbilt-møkk-medan-eg-pustar-høgt-og-repetativt”, som vi har sett ein del av dei seinare studentteaterproduksjonane. Denne gongen braut det litt for mykje med spelet – dei reelle sinneskrika og kastinga av møblar var meir enn verknadsfullt nok.
Sjølve narrativen var ikkje så verst den heller, faktisk. Så til slutt vil eg berre seie: eg bøyer meg i støvet for heile produksjonsapparatet bak Nærmere, takk for ei heilskapleg oppleving!

Nærmere av Patrick Marber – Regi: Fredrik Longva – Produksjonsleiar: Tina H. Engedal – Dramaturg: Marte A. Boge – Scenografi: Ragnhild L. Veim – Lyd: Snorre R. Mandal – Lys: Eirik L. Hegre – Aktørar: Jonatan L. Anabalón, Line S. Røthing, Haflidi A. Haflidason, Anna Louise B. Malo
Speles: 6., 8., 9., 11. og 12. oktober i Tivoli, Det akademiske Kvarter
Sjå klypp frå framsyninga her (legg merke til kaffikjerringa på fyrste rad).
– Ragnhild