Det var så triveleg å kome inn i salen før Den usynelige sette igang. Eg fann fram til ein stol eg likte, og så fekk eg lov til å legge frå meg litt jord på scena. For å bidra til scenografien, liksom. Eg var med i stykket òg, for vi i publikum hadde spela inn ei lita lydfil eller to på førehand. Artig.
Det er mykje eksistensiell prat i denne Immaturus-framsyninga, utan at det blir pretensiøst. Og mange videoklypp, utan at det blir kleint. Vi ser dessutan scena frå oven mykje av tida, det likar eg.
Tihi.
Hald augo ope for Den usynlige, siste framsyning er på fredag – du rekk det fint.
Bilete ser du hjå Studvest.
– Ragnhild