Kategorier
Omtalar

Tanker ved…

Tanker ved avlytting av et radioteleskop, er skrive av diktaren Rolf Jacobsen. Forestillinga med same tittel, hadde urpremiere i går.

… avlytting av et radioteleskop, er skrive av diktaren Rolf Jacobsen. Forestillinga med same tittel som her, hadde urpremiere i går. Som ein co-produksjon med studentteatret Immaturus har kompani Skopelli laga ei forestilling basert på dette diktet. Ingrid var på premiera i går (ja eg kan like greitt seie det no – det vart ikkje noko kleint bilete av meg i speilet – skuldar på varmen).

Tanker ved… visar oss fem gudar som skapar eit menneske på jorda, Iris, dei fortel historia til dette mennesket og korleis dei alltid har kontroll og oversikt over det som skjer i livet hennar.

Eg likar teater kor eg ikkje kjeder meg, det gjorde eg ikkje her, ikkje i ein einaste augneblink. Med humor, dans, talekor, felelydar, miming og andre absurditetar blir vi satt i møte med ei forestilling som både visar gode og reflekterte tankar rundt tematikken, men som eg er fin nok i seg sjølv utover dette. Aktørane er verkeleg tilstades på scena og tar med publikum inn i forestillinga si verd på ein varm måte, ein kjennar seg ivareteken som publikummar.

I diktet «Tanker ved avlytting av et radioteleskop», finner vi en fremmedhet og en søken etter svar. Store spørsmål stilles. Vi inviteres utvilsomt til å tenke på menneskers plass i universet. Det får oss igjen til å tenke på hvilke signaler vi sender ut i verdensrommet. Våre konstante observasjoner av oss selv og hverandre her nede – hva fører det til? Og er det forresten vere egne signaler vi får tilbake?

(frå programmet)

Forestillinga speler i dag kl. 11.30 og 20.00 i Tivoli på Det Akademiske Kvarter, ta deg ein pause frå sola – det er verdt det! Og om du tilfeldigvis skulle befinne deg i Elverum 20.-24. juni, speler forestillinga der under volumfestivalen.

Regi: Anna Ree – Aktørar: Lise A. Knudsen, Svein H. Hovland, Haflidi A. Haflidason, Karen Eide Bøen, Åsa Ree og Anna Ree

Alle foto: Aleksander Silchenstedt Lunde

– Ingrid