Det er jammen lenge sidan eg var på figurteater sist. Faktisk trur eg sist gong var medan Teatergarasjen var noko meir enn berre eit namn. Og det er litt rart, for i Bergen har vi nemleg dei særs habile (trur eg, har jo ikkje sett noko av dei før) og oppegåande Dukkenikkerne. Men no har dei inntatt nabolagsteateret mitt, og da måtte eg ta turen.
Det artigaste med figurteater, er å oppdage korleis du går frå å sjå to menneske i svarte klede som flyttar rundt på ei dukke, til å ha fullt fokus på figurar som svever rundt. Ikkje at du sluttar heilt å leggje merke til dukkemeistaren, men dei endar etter kvart med å bli ei forlenging av dukka i staden for omvendt. Om de skjønar.
Svev var ei enkel lita framsyning med to figurar i ei (bokstaveleg tala) lita verd, eit rundt tilvære med sparsam vegetasjon som med det same gav meg assosiasjonar til planeten der Den vesle prinsen held til. Det heile var ein fin liten ettermiddagspause på ein lørdag, med fine bilete og artige innslag. Men moralen vart kanskje litt svart/kvit og i det tydlegaste laget for meg, men den var kanskje meir mynta på dei yngste. Og forresten, kvar var alle barnefamiliane hen? Dei yngste har godt av å få fleire impulsar enn polerte Egner-produksjonar på DNS (ok – kanskje litt forutinntatt, men vi rosabloggarar skal vel sette ting litt på spissen, skal vi ikkje?).
Om du er kjapp, får du med deg siste framsyning av SVEV på Cornerteateret i dag kl. 17.00. Da får du oppleve søylesalen deira i same slengen!
SVEV – Idé: Jan Holden – Manus: Jorunn Lullau, Jan Holden, Steinar Thorsen – Regi: Steinar Thorsen – Musikk: Gard Frostad Knutstad – Kostymer: Marte Synneåg – Film: Marit Espeland – Scenografi: Utviklet ved Dukkenikkernes Teaterverksted – Medvirkende: Jorunn Lullau, Jan Holden, Steinar Thorsen
– Ragnhild