LilleLAB#3 – «Ruslab – En følelsesladet feiring av hjernen» skal seie oss noko om rus på ein humoristisk og eksperimentell måte.
Vi skal lære at hjernen vår fungerer annleis enn hjernen til dyr, at Preben frå Kalfaret kjem seg opp og fram her i livet, medan Perry frå Loddefjord ikkje gjer det. Mesteparten av tida er skodespelarane ikledd dyrekostyme.
Dei fleste DNS-publikummarar vil nok finne dette ganske underhaldande, annleis og litt til ettertanke, og kanskje er det slik. Men eg er ikkje DNS-publikummarar flest, og vil – nok ein gong – syne til problematikken rundt store tema: Ver varsam!
Korfor vel DNS å lage eit heilt eige (rett nok lite omfattande) stykke om «rus»? Eit stykke som har litt med Bergens eigen lokale Nygårdspark-sak, litt med bydelsfordommar og litt med eplekake å gjere? Eit stykke som blir rekna som eksperimentelt i institusjonsteatersamanheng, men samstundes prøver å gjere litt narr av den «eksperimentelle samtidssjangeren». Kva vil dei? Kven vil dei nå? Korfor lagar dei dette stykket som funderer over rus og livet og det å vere menneske (i dyrekostyme)?
For ein kynisk teatervitar som likar å vere negativt innstilt freistar det å legge skulda på moten. Dette er ikkje eit døme på teater som sett dagsorden, men dagsorden som avgjer teatertemaet.
Og så blir det jo så fine kronikkar av slikt.
Det er ikkje nødvendigvis feil, men når du hiv deg på ei bølgje – anten det er rusdebatt eller steampunk – så må du uansett ha noko å seie. Når det attpåtil er eit etablert teater med fagleg dyktige aktørar på scena, så må eg innrømme at eg hadde håpa på noko som låg over dramastudenteksamensnivå, eller i alle fall verkeleg fortalte meg noko nytt, sjølv om dei ikkje forsøker å servere oss eit svar.
Ja – det er sant at det å bli avhengig av narkotika kanskje ikkje ligg så langt unna mitt ekstreme sukkersug, og at dei som blir avhengige av narkotika slett ikkje er så ulike oss. Men er det noko nytt? Er det det eg skulle lære? Er det eit vellykka poeng at stykket ikkje forsøker å finne løysingsforslag i det heile, men berre tenker litt på temaet? Utan å våge å bli personleg? Utan å vere kontroversielt? Er det mogleg å lage bra drama om rus?
Ruslab glimta tidvis til, men det var ikkje nok til å distrahere meg frå banale faktaopplysningar og sånn humoristisk slik-er-eksperimentell-scenekunst-performance-innslag i revystil. Da vart det berre «Bili bigi gigi romp fili fili fili skom vili vili vom-dom».
For å ikkje vere dobbeltmoralsk må eg jo sjølv våge å svare på ruslabens halvretoriske spørsmål: «Kan man snakke om avhengighet uten å ty til de vante flosklene? Kan man lage litt drama av det sorte hullet? Kan man lage litt håpefull komedie av det?»
– Ja, men det var ikkje det eg fekk servert denne gongen.
Til neste LilleLAB ønskjer eg meg eit prosjekt som røskar litt meir i meg. Det er betre å satse høgt og feile totalt enn å køyre eit trendy tema og ende opp med eit noko dvaskt resultat. Dei kunne i det miste ha løyst heile problemet ved å innføre ein kattepus.
Eventuelt kan DNS satse på skikkeleg godt regiteater – det kan faktisk vere nyskapande og seie viktige ting, det òg.
– Ragnhild
LilleLAB#3: Ruslab – en følelsesladet feiring av hjernen – Regissør: Angelina Stojcevska – Dramaturg: Anders Hasmo Dahl – Aktørar: Ingvild Holte Bygdnes, Tormod Løvold, Stian Isaksen – Pressefoto: Ole Friele jr.
Omtalen min er denne gongen basert på ei prøveframsyning.
Speles på DNS Lille scene 23.08 – 13. september
Frontnote: Vi har sett fleire framsyningar om rus i det siste – les om kva Ingrid tykkjer om det frie feltets forsøk på eksperimentell framsyning med performative element her.