Eg er så utruleg glad for at eg ikkje er yrkeskriminell. For fengselet er eit spel der ingen av brikkene når målet. Det kjem tydeleg fram i Straff, sørgjespelet på Logen.

Som vanleg får vi servert ei avansert blanding av musikk, video, modellar og spel – i ekte Vagn/Bjørkås-stil. Og som vanleg fungerer det. Det dokumentariske intervjumaterialet om livet bak murane vart pakka inn i eventyret om Fyrtøyet så vel som den fangande speldramaturgien, og fungerte som små hint og variasjonar av dei ulike skjebnane.
Blant aktørane på scena var det sjølvklart to latterlig dyktige gitaristar, som gjorde mykje av framsyninga. Dei ulike finlandshettene som markerte dei ulike spelebrikkene fungerte godt, det same gjorde brettspelmodellen. Alt var rett og slett heilskapleg og gjennomført, enda så mange dramaturgiske element og detaljar som speler inn. Det er mykje som blir resirkulert og tatt med vidare i arbeidet til det etter kvart stabile teamet rundt regissør Tore Vagn Lid. Men nok ein gong klarer dei å gjere ein liten vri slik at det ikkje framstår som einsformig – snarare ei vidareutvikling.

Dei ulike skjebnane fekk meg verkeleg til å tenke, men eg vart ikkje så grepe som eg trudde eg kom til å bli. Men det var nok heller ikkje tilsikta – at det emosjonelle skulle ta over. Eit solid produkt med stort vidareutviklingsmateriale. Eg håpar vi får sjå meir av same sort i framtida.
«Straff» – sørgespel – Tekst/regi/konsept: Tore Vagn Lid – Scenografi, video og design: Kyrre Bjørkås – Dramaturg: Roar Sletteland – Musikkdramaturgi/arr: Tore Vagn Lid – Video: Aleksander Andreassen – Lyddesign: Mathias Grønsdal – Lysdesign: Fabian den Otter – Skodespelarar: Tor Christian F. Bleikli – Karoline Krüger – Arild Vestre – Musikarar:
Egil Haugland, Thomas Valeur.
Logen teater: 22.09, 25.09, 26.09 – Dramatikkens Hus: 18.10, 19.10
– Ragnhild