Verdal er kjend for tre ting: vømmøl, rånarar og Stiklestadspelet. Og jo, lottomillionærar, fire ting altså. Når det er Olsok er det spelet som gjeld. Eg har dessverre vore dårleg inntrønder og ikkje sett noregs største og eldste utandørsspel sidan … ehh mange år. Flaut. I år tok eg meg endeleg tid att.
Alt som skal vere med var med i år også: historia om kverna, kornåkeren som kongen reiste att, utburden, soldansen, hestane og musikken. Men ikkje pappsolskjermen, sidan det heile starta etter solnedgang i år.
Spelscena på Stiklestad er ikkje akkurat noko intimscene, og publikumsamfiet rommar omtrent 5000 publikumarar. Som regissør skal ein med andre ord ha stålkontroll og oversikt, ikkje berre på nokre framtredande rollar, men på ein heil kongshær, gardsfolk og hestar. Og eit heilt orkester og kor.
Historia er den same som sidan 1030: På garden Sul går ting sin vante gang. Men dei får nyss i at kongen samlar ein hær og må bestemme seg for om dei held med den kristne kongen eller bøndene som fortsatt held på trua med dei gamle gudane; Odin, Tor og Balder. Garden har blitt kristna slik som dei måtte, men mange gamle tradisjonar og ritar heldast ved hevd. Dotter til gardsfolket, Gudrun, plagast med vonde minner frå nokre år attende da mora satte ut ein vanskapt unge. For å komme over riane, dansar gardsfolket soldansen og gamlemannen på garden, Jostein, roar ho ned med å snakke vent om dei gamle gudane. Så kjem kongen til gards og han hjelper Gudrun og gardsfolket veit kor dei skal vere tru, så står slaget.
Med fleire hundre aktørar på scena kunne det nokre gongar vere vanskeleg å høyre kven det var som snakka, noko som er uheldig sidan dialogen er så viktig. Men smarte regigrep gjer at ein skjønar kven det er ut frå handlingane og interaksjonen mellom aktørane. Med så mange statistar på plass kunne det fort blitt rotete, men det er ryddig og tydeleg å sjå kor fokuset skal vere heile tida når mange av scenane blir meir tablåaktige.
Henrik Mestad som kongen er umogleg å beskrive som noko anna enn «heilt grei», men mange av dei andre karakterane var meir overbevisande for min del. Dei rollane som stakk ut som dei beste var Gamal-Jostein, i Sverre Bentzen si skikkelse. Han var tydeleg og ikkje vanskeleg å forstå kor han stod hen i striden. Likens var Hildegunn Eggen i tenestekjerringa Grima veldig god, og dei karakterane var dei som i store delar bar heile forestillinga.
I ei av scenane, når hærmennene stod blant publikum og kongen snakka til dei, fekk ein kjensla av å vere ein del av den store hæren. Men ein veit fortsatt ikkje kven ein skal halde med; kongen eller heidningane. Sånn sett er det ikkje ein kamp mellom det onde og det gode, men heller snakk om kva det er ein trur på og kvifor. Det er sjølve trua på noko som er viktig, ei tru er ikkje meir rett eller galt enn ei anna tru.
Det at forestillinga går på natta, gjer at ein kan bruke visuelle effektar som lyssetting i større grad. Trea bak haugen som scena formarvart ofte opplyst etter handlingane på scene, som blodraud når kongen daudde. Dette kunne godt vore brukt enda meir, sjølv utan at det vart nattklubb av det. Det mest stemningssettande er likevel faklane hærmennene ber med seg mellom radane mot slutten og stiller seg opp langs vegen når vi går ut.
Det skrivast kvart år i lokalavisene om at enkelte klagar på at «dei har gjort om for mykje» og i år var det mange som var skeptiske til det seine tidspunktet det gjekk på. Eg meinar at om ein skal halde i live slike tradisjonar som spelet har blitt, må ein tåle at det utviklast og gjerast om, historia kan vi ikkje forandre på uansett. Marit Moum Aune har som regissør teke med mykje av det som må takast med – eg kan sjå for meg ramaskriket som hadde blitt om nokon hadde kutta til dømes soldansen. Ho har òg lagt til fleire nye element, som at sjølve slagscena vart vist på scena for første gong i år (det blir jo trass alt ofte omtalt som slaget på Stiklestad) og gitt det nytt liv med å la det gå på natta. Med respekt for dei gamle tradisjonar og evna til å tenke nytt likar eg Moum Aune som spelregissør, og håpar dette ikkje vart siste gongen.
Her er ei biletedagbok på korleis det var å vere på stiklestad:
Det brygger til malmvèr sa Gamal-Jostein. Eg veit ikkje kva det er, men det kan kanskje sjå sånn ut. Eller kanskje det betyr at ein ikkje finn bilen sin når ein skal heimatt.
Folk ferdast på spel
Med den store partyblæra mi, måtte eg sjølvsagt innom for å ta bileter av meg i spegelen før det starta. Dei hadde fine blomer på do.
Her poserer eg villig ved bakken foran inngangen, med blomsterversjonen av Verdals kommunevåpen.
Vikingmannfolk som gjer noko autentisk.
Vikingfolk som gjer noko anna autentisk.
Spente trynder før det brakar laus.
Eg las programmet fra perm til perm, i alle fall kanskje litt.
Faklar. Vikingar. Folk. Klapping. Stemning. Ha det.
– Ingrid