Simon Mayers framsyningar Sons of Sissy og SunBengSitting gikk på BIT Teatergarasjen førre veke. Forestillinger med innhald av folkemusikk, folkedrakter, motorsag og øks, folkedans, solbenker (sunbeng) og nakne mannfolk … altså ting eg kan relatere meg til.
Folkemusikk har eg jo høyrd på i ungdomen, både Gåte og Valkyrien allstars var favorittar i si tid. Folkemusikk kan eg relatere meg til.
Folkedrakt tar eg på meg innimellom, minst ein gong i året. Folkedrakter kan eg relatere meg til.
Motorsag har eg sett andre bruke for å felle tre. Men ein gong brukte eg øks og sag for å fjerne ei stor rot som stod i veien. Motorsag og øks kan eg relatere meg til.
Folkedans opptok deler av barndomen min, eg var jo sjølvsagt med i leikarring. No for tida er folkedans mest bunadsboogie på nasjonaldagen. Folkedans kan eg relatere meg til.
Solbenker sitt eg gjerne på, helst intil solveggen, med ein øl i handa. Det må vere ein av mine topp ti aktiviteter å gjere. For å få den mest autentiske opplevinga av SunBengSitting varma eg opp til forestillinga med ein øl i sola. Solbenker kan eg relatere meg til.
Nakne mannfolk er det ikkje mange av i livet mitt, men eg er jo ei vaksen kvinne som er gift med ein mann. Nakne mannfolk kan eg relatere meg til.
– Ingrid