Kategorier
Omtalar

Red herring all night long

Vi burde eigentleg hatt med oss sursild som snacks.

(11.00)
Det er noko med belgiarar åleine på scena som eg verkeleg har sansen for. Det kan vere den joviale aksenten. Uansett, når eg no skal blogge om helgas raude sild, må eg åtvare: eg finn det vanskeleg å skrive om dette stykket utan å spoile litt.

Red Herring handlar om ein paranoid mann og lydsporet. Ein duett mellom mann og teknikk, som det står. Aktøren opnar det heile med å ikkje synge ein opningssong,  og dermed er eg seld. Dette er ein produksjon etter min smak. Peeters har eit likandes ansikt og lun humor, og parodierar amerikanske skodespelarar/romvesen perfekt.

Kvar gong snakket skal til å bli litt for langdrygt, skjer det noko konkret som gjer at vi i publikum automatisk skjerpar sansane. Det er eit fantastisk grep: det er umogleg ikkje å bli gira når dører smell i bakken like framfor deg, og du stadig blir bedt om å late att augo. Sistnemnte høyres kanskje ikkje så actionfylt ut, men tru meg. Det er verkeleg ei barnleg spenning å sitte med augo att, i evig kamp med deg sjølv for å ikkje sniktitte. Og kva har skjedd når du opnar augo att?

Lydsporet sneik seg elegant inn i handlinga med det som må vere ei temmeleg lang que-liste. Men det er ikkje berre lyden som har blitt ein viktig aktør i denne framsyninga – ljoset speler for meg ei nesten like viktig rolle. Eller, det er eigentleg scenerommet, som etter kvart blir til eit pulserande organisk rom som omsluttar aktøren og handlinga.

Oj, det høyrtes vel pretensiøst ut.  La meg seie det på ein annan måte: ljoset var ganske kult.

(16.00)

Dramaturgisk sett har eg eit par innvendingar, da det paranoide høgdepunktet kom litt plutseleg (kunne godt ha bygd seg litt meir opp), og oppsettinga markerer ikkje eit vendepunkt i mi teaterverd. Men det er ikkje så farleg. Brente buksebein, strikkepinnar i nøkkelhol, tomatar og store lommetørklede vitnar like fullt om at belgisk humor er visst ein bra ting.

Framsynininga kan du sjå laurdag 16. februar i Studio USF, men til alle som skal gå har eg ei siste åtvaring: det du trudde var 50 minutt med scenekunst blir fort ein heilaften med techno og norsk aquavit.

Av: Diederik Peeters | Musikk og lyd: Lieven Dousselaere | Scenografi: Sarah & Charles | Lys: Henri-Emmanuel Doublier | Lysassistent: Ivan Fatjo | Kostyme: Christoph Hefti & Carmel Peritore

– Ragnhild

3 svar til “Red herring all night long”

Det er stengt for kommentarer.