Kategorier
Omtalar

Postdramatisk sjølvironisk meta-popambient regiteater på institusjonen

Ein teaterviters draum?

Real-cam har kome for å bli. Det same har ambiensen og dei fleirfaldige fiksjonslaga. Dette har Per Perez Øian fått med seg, og han har gjort det om til humor – god humor for vår del. En midtsommernattsdrøm leikar med samtidsklisjeane, og gjer narr av både pompøse institusjonsskodespelarar og post-postdramatisk meta popambient performanceforsøk. Og kanskje ligg det eit par stikk til eit 500 år gammalt teaterstykke der også?

En midtsommernattsdrøm på DNS er for oss Shakespeare på sitt beste, i den forstand at ei ny rammeforteljing – eit nytt fiksjonslag – friskar opp teksten samstundes som plottet blir lite forandra på.  På Småscenen/I Teaterkjellaren får vi vere med på ein pretensiøs fyrsteprøve der inspisienten må ta over regirollen. Ingen av rekvisittane er heilt på plass, handtverkarar romsterer rundt i kulissekantane og ein av skodespelarane er erstatta i siste liten. Det er altså snakk om aktørar som speler aktørar som speler eit skodespel der nokon speler eit skodespel – og det er jo rett shakespearesk.

Men samstundes med at framsyninga leika med ny-klisjear, gjorde bruken av modellar, direkte henvending til publikum, video og livekamera at framsyninga vart god og dynamisk. Det gav spelet ein ekstra dimensjon, krydra med vestlandske stover og polefitness. Slik vart effektane også ein viktig del av eit velsmurt teatermaskineri.

Det mest vellukka med dette rammekonseptet, er kanskje det faktum at ”regissøren” har bestemt å erstatte det originale stykket i stykket med ei ny tolking av inspisienten – framført av lydmann, snekker og rekvisitør: handtverkarane i teatret. Dei øver inn teksten for fyrste gong, og er komisk dårlege, akkurat som handtverkarane til Shakespeare. I denne performancen skal dei vere seg sjølv som er ekspertar på sitt eige liv (hallo Rimini Protokoll), er det umogleg å ikkje le, dette er teke på kornet. I tillegg får vi sjå videosnuttar med tolkingar frå Athen, Kabul og Berlin, kor hipster går det an å bli.

Berlinmuren på plass, ein mur som ofra seg for dei to elskande.

Det er mykje intertekstuell humor, med klare referansar til både gjenerelle trendar og spesielle scenekunstnarar. Små modellar og turar med fløybanen har klare likkar til Tore Vagn Lid, og jammen såg vi ikkje ein av maskene til Vegard Vinge, akkompagnert av forvrengte stemmar.  Denne midtsommardraumnen er sjølvironisk i sjangeren, gjer nar av seg sjølv utan å eigentleg gjere det. Og ikkje minst gjer dei litt narr av ambisiøs post- og pop-altmogleg i det frie feltet dei siste 20 åra, her veit vi ikkje om regissør Øian berre gjer nar eller om han kommenterer ein tradisjon han sjølv er ein del av. Uansett: vi likar humoren, sjølv om den kanskje er litt lettkjøpt (speler på seg sjølv, som i Evig ung). Som overutdanna kultursnobbar tek vi mange referansar – kanskje fleir enn tilsikta.

Pretensiøst beist. Kunne ha killed some darlings her, men flott rolle – bevares.

Det var elles eit ungt ensemble vi fekk presentert i denne oppsettinga, og dei takla den leikande forma bra. Trur ikkje dette er noko for dei gamle travarane på DNS som trivast best i Jan Hervitz (for tiande gong). DNS har mange høge kvinnfolk og mange låge mannfolk, dette utnyttar dei maksimalt. Ein av dei som debuterte på DNS sin scene denne våren var Ane Skumsvold. Vi likte ho veldig godt i Lugnhansjahna, og ikkje mindre her. Sjølv om desse to rolletolkingane hadde mange likhetstrekk, gledar vi oss til å sjå Skumsvold få andre utfordringar seinare. Agnete – she’s a keeper!

En Midtsommernattsdrøm av Willian Shakespeare – Regi: Per Perez Øian – dramaturg: Solrun Toft Iversen – kostyme og scenografi: Olav Myrtvedt – Aktørar: Ida Cecilie Klem, Ane Skumsvold, Stian Isaksen, Tormod Løvold, Martin K. Østesen, Lars Jacobsen, Vibeke F. Havre, Kristoffer S. Aalberg, Helle Haugsgjerd, Pål Rønning, Eirik del Barco Soleglad, Øyvind Gran – Alle foto: DNS/Frank Brødreskift

– Ingrid og Ragnhild

2 svar til “Postdramatisk sjølvironisk meta-popambient regiteater på institusjonen”

Det er stengt for kommentarer.