Kategorier
Omtalar

Polert og perfekt Peer

Peer gynt på Trøndelag teater – Litt sånn eg såg for meg.

Peer Gynt på Trøndelag teater er perfekt. I grunnen litt for perfekt. Så perfekt at det blir kjedelig og forutsigbart. Sånn sett blir det upersonleg, og eg sitt ikkje att med noko stor teateroppleving.

Sjølvsagt har Peer fått ein moderne drakt, slik som seg hør og bør. Men det er ingenting overraskande med versjonen anno 2013, det er på ein måte sånn som eg såg for meg.

PEER GYNT av Henrik Ibsen

Peer har blitt ein godt vaksen mann, som på starten av oppsettinga havnar i sjukesenga etter eit hjarteinnfarkt. Han ser attende på livet som ung (og dum) eventyrar. Eg likar særs godt at hovudrolla er delt i to, med den yngre Peer som lever i nuet og handlinga og den eldre Peer som ser attende på livet sitt. Sykehusrammane fungerar særs godt, og det blir da heilt naturleg at møtet med dovregubben skjer via operasjonsbordet og inn i kroppen hans, både fysisk og mentalt.

Det er perfekt i den forstand at eg har ingenting å utsette på sceneinstruksjonar, scenografi, kostymar, skodespel eller musikk. Det er eit godt ensemble og samstundes gode enkeltprestasjonar.  Men det er altså ikkje noko særleg spanande og overraskande ved noko av dette.

PEER GYNT av Henrik IbsenNår fjerde akt startar etter pausen har festen med Master Cotton, Monsieur Ballon, Herr Eberkopf og Herr Trumpeterstråle blitt bytta ut med Master Cameron, Monsieur Hollande, Frau Merkel og Herr Reinfeld. Ein gjeng som ligg i sykesenga, medan Peer går rundt og heller i seg oljen på intravenøst vis. Og Papoulias stakkar, ja han ligg jo for døden.

Referansen til eit Europa i økonomisk krise og festen som som aldri sluttar i Noreg blir nesten for opplagt og den gir meg ingen ting eg ikkje veit frå før. Satiren kunne vore meir tydeleg, men referansen meir subtil. Sjølvsagt samsvarar det med heile poenget bak stykket, om nordmenns sjølvgodhet og sånt, men læl da.

PEER GYNT av Henrik Ibsen

Også synast eg det var litt langt. Det er ikkje det at eg ikkje klarar å følge med i tre timar, eg har sett lengre stykker enn dette utan å kjede meg. Men det har noko med forma som gjer at ein har fått nok når det har passert to timar. Talen til presten om han som ikkje kunne tene landet, men som levde eit bra liv likevel kunne vore kutta, for her skjønar ein poenget ganske raskt. Heile greia kunne vore kutta og dermed spissa litt meir – kill some darlings!

For anledningen hadde Trondheim symfoniorkester spelt inn den velkjente musikken. Den skulle eg gjerne tenkt meg å høyre meir av. Solveig kunne ha sjunge enda høgare, og Anitra kunne ha dansa enda heftigare. Trolla i Dovre kunne vore enda villare.

PEER GYNT av Henrik IbsenPeer Gynt av Henrik Ibsen:

Regi: Marit Moum Aune – Scenografi: Even Børsum – Kostyme: Ingrid Nylander – Lys: Eivind Myren – Musikk: Edvard Grieg/Trondheim symfoniorkester v/Eivind Aadland – Aktørar: Terje Strømdahl, Espen Klouman Høiner, Janne Kokkin, Ingrid Bergstrøm, Mads Bones, Silje Lundblad, Olve Løseth, Helle Ottesen, Renate Reinsve, Kingsford Siayor og Trond-Ove Skrødal – Foto: Bengt Wanselius

Spelast på hovudscena på Trøndelag teater fram til 22. oktober.

– Ingrid