Kategorier
Hendingar Omtalar

Oppdraget

KJøp lodd, kjøp lodd te spøkelsestoget!

I går kveld fekk eg eit oppdrag. Eller fleire, eigentleg. Men eg vel å tru at det er min jobb å vele ut eit av dei – og så kan dei andre i publikum gjere resten. Valet gjer eg så klart her: på bloggen.

Men fyrst: Eg har eit medvit, og pliktar til å opplyse om spoilereffekten i dette innlegget. Derfor kjem eg med den vante teaterinfoen fyrst, slik at alle de som ikkje har sett You enno kan gjere det før de les innlegget. Mest for å forstå litt meir av det som kjem, eigentleg.

You – 5. – 7. september i Studio USF kl. 19.00 (Bergen)
10. september kl. 19.30 og 11. september kl. 18.00 i Verkstedhallen (Trondheim)

Koreografi/framføring: Lisa Östberg og Kim Hiorthøy – Ljos: Sutoda –  Produksjonsdesign: Clara Isaksson og Sandra Parment – Grafisk design: Jonas Williamsson – Linje produsent: Emilia Mellberg.you

«Noen ganger er beskrivelsen bedre enn virkeligheten», seier dei. Uansett, attende til røynda:

Alternativ 1
Lage ein dokumentar om David Attenborough, det må vere med stein og buskar.

Alternativ 2
Skape Sezuans (Sichuan om du er nøye på det)  svar på Lindströms tivoli (det må vere skummelt, og eg har fått nøye instruksjonar).

Alternativ 3
Koreografere fire dansar. Tolke fire årstidar på eit vis som får sjølv paven til å gråte (hm, burde Frontlosjen opptre sjølv da?).

På ein måte kan eg berre skippe desse alternativa, og gå for å vere ein godt-for-ingen-ting slabbedask – ein som har feila totalt i livet. Og det freistar litt, det er ei komplisert liste.

Alternativ 4
Derfor legg eg inn ein fjerde utveg på lista mi no når eg skal bestemme meg: å gjere ingen ting, og heller nyte å vere misslukka.

Og vinnaren er…

Det er innlysande(nei, mamma, det er ikkje alternativ fire) .
Eg skal på eigahand skape alle spøkelsestogs mor. Det lengste spøkelsestoget i verda. Grunna plassmangel får de berre enkeltglimt av dei ulike stasjonane, derav oppmodinga om å sjå framsyninga fyrst.

Obligatorisk kontentum.

Velkommen innsvart

Hjelp, er det ein brun zombie eg skimtar?!mørkreBææhææhoouuusvartmørkreSplæsjmørkreSå triveleg!Men det er noko som kjennes feil...on we goflapflapflap!!!mørkreHm, kva ligg der framme i horisonten?...verdas ende!gulpOÆÆÆÆÆÆæææ----mørkreVelkommen attende

– Ragnhild