Eg innrømmar det. Eg er frykteleg lat. Så eg gidd aldri å finne djupare meinig i forestillingar, for da må eg sette meg ned og tenke etterpå. Og det gidd eg ikkje (og om det skjer blir eg frykteleg forvirra).
Derfor er eg veldig glad i scenekunst som har som intensjon i å berre underhalde meg. Og eg hadde gleda meg enormt til Florentina Holzinger & Vincent Riebeek sine framsyningar under årets Bastard-festival på Avant Garden. Den første var Spirit.
Flo og Vinc er veldig ærlege på at dei berre vil underhalde oss, og prøvar ikkje å skape ein illusjon av at dei er eller gjer noko anna. Så dumme er jo ikkje vi publikumarar uansett. Men dei sett sjølvsagt det heile inn i ei ramme, slik at dei skal ha ein grunn til å gjere det dei gjer. Ein publikumar trekk fire tarotkort frå ein bunke, og ut i frå kva som er på korta skal dei vise oss kva det betyr i form av eit scenisk nummer. For meg er dette berre ein måte pakke det inn på og eg veit ikkje om dei sjølv trur på tarot-kort eller ikkje. Men det er ikkje så nøye.
Vi får sjølvsagt mykje nakenhet. Men det er greitt denne gongen altså. Og mykje teaterblod og glitter. Det er greitt det og altså. Dei stoppar opp og får teknikkaren til å slå av musikken når ting ikkje går som planlagt, kjefter på kvarandre for at dei tar merkemda frå kvarandre. Dei gir oss eit pop-kulturelt dansenummer med seksi og dominerande rørsler, som er ein slags hyllest til Beyonce, Miley Cyrus, Justin Beiber (eller var det Timberlake?) og Rihanna. Ein pompøs dans i klassisk form. Eit spektakulært akrobatikk-nummer i ein ring som heng i taket. Før djevelen kjem og tar oss og dusjer Vincent i glitter. Pop-ironisk kallar eg det for meg sjølv. Eg er underhaldt og lykkeleg.
Så visar det seg at vi som publikumarar eigentleg berre er offer for konsumsamfunnet og kjøpekulturen og at forestillinga i grunnen berre er ein frykteleg lang reklame for T-skjortene dei har med seg og vil selge oss. Dei kostar hundre nokkers (NOK). Dei egnar seg til trening til dømes. Eller om ein skal føde. No er eg full av glitter og teaterblod. Og eg elskar det.
Eg gler meg allereie til i kveld, da skal dei vise enda ei framsyning, Welness kl. 20.30 i Olavshallens lille sal.
– Ingrid
Spirit:
Av og med: Florentina Holzinger og Vincent Riebeek – Kritiske augar: Rodrigo Sobarzo De Larraechea, Renée Copraij – Teknikk og lys – Philippe Digneffe & Bennert Vancottem – Kostyme: Claudine Grinwis – Produsent: CAMPO