Kategorier
Omtalar

Nja, nei, tja, jo. Eller?

Ragnhild har vore i hivudstaden og sett tysk ubåt-teater

Eg har vore å sett Das Boot (2012) på Det Norske Teatret i Oslo, i regi av Kjetil Bang-Hansen. Det gjorde eg torsdag i førre veke, så eg tenkte eg skulle dele nokre av tankane eg gjorde meg etterpå. For Ingrid skal sjå same oppsettinga i kveld, så da blir det artig å sjå kva ho på si side heng seg opp i.

Hovudstadsteaterbillett er fett

Sjølv såg eg oppsettinga litt fordi eg var nyfiken på konseptet, og litt fordi Forvandlingen var utseld. Og når ein er på storveies tur i hovudstaden, må ein jo bedrive høgkultur. Og det var slett ikkje ei vest framsyning, med nydeleg effektfull scenografi, og godt ljos- og skuggespel. Skodespelarane er flinke, og eg har stor sans for fleire av karakterane – det einaste var at handlinga tok alt for tidleg slutt. Men det eg sit å tenkjer på no i etterkant, er eit regigrep eg framleis er litt usikker på om eg likte.

For som eit avbrekk i  frå det testosteronfylte livet i eit tysk undervatnsvåpen, var det lagt til ein ekstra karakter i eit anna fiksjonslag: rekvisitøren. Ho opna framsyninga, og kom inn og kommenterte handlinga sånn innimellom. Og det var jo tydeleg kva funksjon ho hadde – ho knyta historia opp til oss nordmenn som såg på (bestefar til rekvisitøren døde på sjøen under krigen), oppsummerte noko av narrativen gjennom å gå inn å kommentere handlinga, og var ikkje minst eit kjærkomment dramaturgisk avbrekk i ein elles statisk situasjon.

Heilt legitimt, og eit grep som funka ganske bra. Så korfor likte eg det ikkje heilt? Det blir for billeg. Ikkje at eg har noko betre løysingsforslag, men eg fekk litt kjensla av at regissøren ikkje stolte på at livet i ubåten vart dynamisk nok i seg sjølv, og at dagsaktualiteten til stykket ikkje kom klart nok fram gjennom handlinga åleine. Og det gjer den kanskje ikkje, sjølv om eg stadig høyrer på radioen (P2, sjølvklart) at vi no snart er klare for å sjå tyske soldatar enn noko anna enn vonde jævlar. Ting blir fort overtydeleg når ein dreg inn ein forteljar, og eg kjenner meg fort undervurdert som publikum – eg er ikkje dum.

Eit glimt av Lasse Kolsrud som ubåtkaptein i programmet.

Men der igjen – det er jo litt snedig òg da, å flette inn eit nytt fiksjonslag som verkeleg forsterkar kjensla av å vere vitne til eit gufs frå fortida. Eller, nei – eg likte det eigentleg ikkje. Ganske frustrerande eigentleg, at eg skal vere slik ubestemt av natur. For dette er berre eitt av tusen døme på meg som prøver å bestemme meg for kva eg likar og ikkje likar på teater. Og det er ikkje fordi eg er redd for kva andre tykkjer om meininga mi – eg er ganske enkelt ikkje einig med meg sjølv mesteparten av tida (syster mi plar seie at eg er reine inkarnasjonen av Vinglepetter-reklamen når eg er på matbutikken). Jaja, det blir kanskje ikkje kritikar av meg med det fyrste, men det blir spanande å høyre kva Ingrid seier når ho kjem attende.

Og viss de vil ha eit meir kvalifisert (og meir eintydig)  inntrykk av framsyninga eg har sett, kan de sjekke ut Karen Frøsland Nystøls si meining i dette radioklyppet:

http://www.nrk.no/lyd/anmeldelse_av_das_boot_fra_kulturnytt/E455665CB172F57F/

– Ragnhild

 

1 svar til “Nja, nei, tja, jo. Eller?”

Det er stengt for kommentarer.