Endeleg fekk eg det med meg!
Ei oppsetting av ein omreisande britisk Shakespeare-trupp. Sjølvklart utandørs i borggarden til Bergenshus festning. Og Much Ado About Nothing var akkurat slik eg hadde tenkt meg. Enkel, artig, overflatisk kvalitet. Scenografien var gjort i ekte samfunnshusstil – få rekvisittar og ymse måling. Det likar eg. Framsyninga starta kjekt med ein Monty Python-referanse (”Run away!”) og ein haug med slap-stick, og haldt fram i same stil.

Aktørane akkompagnerte seg sjølve med både song og klarinett, og skifta rollar rett som det var. Her var det kjekke unge menn og bedårande jomfruer, klumsete tenarar og ikkje minst ein skummel skurk med katt på armen. Eg meiner eg kjente att eit par av skodespelarane, men kanskje dei berre såg ut som typiske britar.

Det var lett å la seg begeistre av den sjarmerande formalscenehumoren, og både latter og applaus satt laust hjå publikum. Folkemengda som okkuperte dei kvite plaststolane som utgjorde tilskodarplassane var forresten meir heterogent og uvant enn kva eg er vant med å sjå på teater i Bergen, med mange eldre og mange ungdommar.

Regien skal eg ikkje seie noko særleg om, anna at den i stor grad var basert på humoristisk skodespel og perverse implikasjonar i Shakespeares replikkar. Sakna kanskje eit nøytralt spelerom, og ikkje berre off-stage. Kankje ikkje stor kunst, men dette var underhaldning god nok for ein måndag kveld. Men neste gong tek eg med meg meir enn to teppe!
I mangel på ein spegel å fotografere meg i, tok eg av i dei naturlege kulissane:
Sidan det berre var ei framsyning her i Bergen, kan de jo sjå filmen i staden:
Much ado about nothing – Av Shakespeare – Med ADG-Europe, Castle Tour 2012 – Synt fram 27.08.2012.
-Ragnhild
4 svar til “Much Ado in the Cold”
Elsker den filmen…
Ein klassikar! Stykket var heller ikkje ille (i sin sjanger)
Fekk ikkje med meg denne, men ser fram til Joss Whedons’ (Firefly, Buffy, ++) versjon av «Much ado about nothing» til neste år 🙂
wow, ja!!