Kategorier
Omtalar

Mørketid på Lille scene

Mørketid med mange lysglimt

Her er omsider meldinga av Mørketid, som sto på trykk i Bergens tidene søndag 20. januar 2013.

Mørketid med mange lysglimt
Irske familiedrama, som ”vi skal kjenne oss att i”, gjer meg alltid litt skeptisk. Eg ser med éin gong for meg melodramatiske komplekse familieforhold i nyrealistisk stil, med alkoholiserte foreldre og traumatiserte born. «Mørketid» av den engelske forfatteren Rebecca Lenkiewicz, innfrir ikkje fordommane mine, sjølv om dei fleste hovudingrediensane i eit klassisk familiedrama er på plass.

Handlinga er lagt til ein familie med far, mormor og tre døtre. Mor har for lengst gått frå familien, og det er fråværet hennar heile handlinga er bygt opp rundt. Av og til blir dette fråværet overtydeleg, men samstundes er det ei fin drivkraft for stykket, og dei to karakterane som står utanfor familien er med å bryte opp fokuset rundt kjernekonflikta.

Faren (Gerald Pettersen) er – som forventa – alkoholisert, men sjarmerer ved stadig å sitere Shakespeare. Dei tre søstrene har kvar sin stereotyp, noko som verkar litt vel karikert i starten. 

Likevel sitt eg att med eit inntrykk av at både teksten og iscenesettinga omgår klisjeane på vellukka vis. Mykje ligg i replikkvekslinga, og eg har sansen for dei mange kjappe og uventa kommentarane som får ein til å tenkje, og ikkje minst dra på smilebandet. Mormor Ragnhild Hiortøy strålte litt ekstra – men det var ensemblet som heilskap som imponerte meg mest: Det er tett samkøyrd, held eit høgt nivå, og regissør Petter Næss utnyttar scenerommet godt – eit rom som absolutt er verd å nemne. Med tre veggar og eit golv som buktar seg bortetter, framstår scenebiletet til scenograf Åse Hegrenes som eit abstrakt titteskap. Det sprengjer sine eigne rammar – og blir slik eit godt bilete på framsyninga i sin heilskap. Det varierande landskapet gjer det lett å markere ulike spelerom. Eg heng med sjølv om handlinga ofte vekslar fort mellom ulike rom og scener. På tre skjermar, som utgjer bakveggen, får vi òg sjå ulike filmprojeksjonar, som tek oss med til ein røykfylt pub eller ein stjerneklår himmel.

For ein gongs skuld var eg litt rørt da eg gjekk ut av teatersalen. Ikkje fordi eg kjende meg att i karakterane, men fordi eg etter nesten to og ein halv time følte at eg kjende karakterane.

Fakta:
Mørketid på Lille Scene, DNS
Regissør: Petter Næss
Forfattar: Rebecca Lenkiewicz, omsett til norsk av Jon Storm
Dramaturg: Solrunn Toft Iversen
Skodespelarar: Reny Marie Gaasand, Eirik del Barco Soleglad, Gerald Pettersen, Ellen Birgitte Winther, Thea Borring Lande, Ragnhild Hjorthøy, Frode Bjorøy
Alle foto: Marit Anna Evanger

Premiere 19. januar, speles fram til 2. mars 2013.

– Ragnhild