Kategorier
Omtalar

Lohengrin – nokre inntrykk

Like godt som sjokoladen?

Den fyrste framsyninga i eit nyoppussa Studio USF! Eg merka ikkje supermykje forskjell, anna enn at inngangen er endra – men det er artig lell. Og det som var av interesse denne gongen, var sjølvsagt den vesle store oppsettinga av Lohengrin – operaen, ikkje sjokolada.

Eg har aldri korkje høyrt eller opplevd moderne opera før, men dette likte eg. Eit behageleg scenebilete med boblar som sprengte seg opp gjennom det svarte underlaget og seks musikarar på scenen. Eit spennande – og for meg nytt – lydbilete som delvis besto av aktørane framfor meg, og delvis vart produsert over høgtalar. Dette var ikkje den typen opera som speler ut handlinga med store gestar, men små rørsler og litt tekst på bakveggen var nok for å skape eit bilete i eiget hovud. Eg likte korleis ulike reallydar som pusting, fugleskrik og repetisjon av namnet Elsa utgjorde det meste av songen, og at lydsporet var ein pinleg nøyaktig integrert del av heilskapen. Scenografien var òg interessant, med svære putar som sprengtes slik at scenerommet vart dekt av dun. Eit høgdepunkt var sjølvklart dei humoristiske elementa der strykarane tok med seg delar av golvbelegget i det dei forflytta seg – i form av store fugleføter, og ein kosteleg scene der strykarane sto med ansiktet bak kvart sitt store forstørringsglas.

Det var òg interessant å høyre meir om tanken bak det heile under artistsamtala i etterkant, med diskusjonar om kammeropera og det å vere tru mot verket. I produksjonsarbeidet har Ny musikk forsøkt å ha ein mest mogleg flat struktur, som er interessant i seg sjølv – enda produktet sikkert hadde hatt godt av å bli stramma opp litt meir reint scenografisk og dramaturgisk. Men ikkje mykje.

Som nemnt har eg aldri vore burti noko slikt før, men Lohengrin tok meg ganske enkelt med til eig vakker, behageleg og interessant sfære – ein fin måte å tilbringe fredagskvelden på. Eg er ikkje lenger redd for såkalla moderne opera.

Musikk: Salvatore Sciarrino – Libretto: Salvatore Sciarrino etter en fortelling av Jules Laforgue – Regi og konsept: Sigurd Fischer Olsen, Roar Sletteland, Lena Buchac – Lyd: Thorolf Thuestad – Lys: Brynjar Vik og Hans Skogen – Kostyme: Gøril Wallin – På scenen: Sofia Jernberg, sopran, Bjørnar Habbestad, fløyte, Morten Barrikmo, klarinett, Lene Grenager, cello, Kari Rønnekleiv, fiolin, Ole-Henrik Moe, fiolin – Andre utøvere: Håkon Thelin, kontrabass, Bendik Foss, bratsj, Craig Farr, perkusjon, Anthony Ringdal, fagott, Bente Hage, obo, Håvard Sannes, trombone, Erlend Aagaard-Nilsen, trompet, Asgeir Søfteland, horn – Kor: Marius Dale Romslo, tenor, Jon Harthug, baryton, Ørjan Hartveit, bass – Produsent: Eva Pfitzenmaier med Solgunn Slåtto og Karen Eide Bøen.

– Ragnhild