Kategorier
Omtalar

Litt blodtørstig

Vi har sett Little Shop of Horrors! No tørr vi ikkje vatne plantene meir.

Onsdag såg vi premiera på den (på facebook) mykje omtala framsyninga Little Shop of Horrors. Det er var utruleg artig å sjå ein real musikal på Cornerteateret – som bevisar at dette huset kan nyttast til alt! Little Horror Shop i Bergen er resultatet av den evige draumen til iniativtakar Irene Ahnéll om å spele i musikalen, og med teaterkompaniet Krabatenes 20-årsjubileum kom endeleg påskuddet til å realisere dramuen.

Little shop og Horrors_Fana fotostudio v/Janneche Strønen

Rocky Shop Show på Cornerteateret var ei frisk oppleving med godt trøkk. Historia i seg sjølv er ganske bra komponert, med ei god blanding av humor og fengande låtar, og det er dette utgangspunktet som ber mykje av kvaliteten til oppsettinga. Aktørane på scena er stort sett profesjonelle aktørar frå det frie scenekunstfeltet, som alle har nytta all fritid i vinter (det har vi i alle fall inntrykk av) for å få i hamn eit godt produkt. Denne typen stå-på-vilje står det respekt av!

I  Mr. Mushnik sin blomebutikk jobbar den tafatte Seymor og Audrey som draumar om om eit liv med stakittgjerde og utan den ekle tannlegekjærasten som slår ho. Ein dag kjem Seymor på butikken med ein mystisk plante, som med sin blodtørst skal viste seg å bli ein suksess for butikken. Men kva skal Seymor fortsette å vatne planten med?

Kongesalen var gjort om til eit slumområde med ein sliten gammal blomebutikk som kunne dreiast rundt til å syne både innsida og utsida av lokalet. Kløktig nok var speleplassen lagt ganske langt fram på scena, slik at relativt få aktørar kunne fylle spelerommet. Scenografien og kostymane var med å sette den rette dystre rockabilly-steminga. Kanskje med litt for mange umotiverte kostymeskift– og kvifor er det berre (alltid) kvinnene som skiftar heile tida? Vi forstår at Shoppy Horror Show er lagt til 1960-talet, men kom igjen.

Hovudrolla, den kjøttetande planta med namnet Audrey 2, som vaks seg stadig større ettersom den fekk rett type næring, var særleg godt laga og har tydeleg vore i dyktige hender. Og med stemmen til André Søfteland vart veksten på mange måtar kveldens høgdepunkt, i både storleik og volum.

Little Shop of Horrors_Fana fotostudio v/Janneche Strønen

Little Rocky Horror Shop er ein underhaldande horrorkomedie, og om ein har lyst på ein lysteg teateraften, anbefalar vi å ta turen til Cornerteatret ved denne anledningen. Men vi trur at det å forvente at dette er ein musikal av høg profesjonell kvalitet, kan øydelegge litt av opplevinga. Dette fordi dei fleste skodespelarane på scena ikkje vanlegvis spel i denne typen teater, samt at øvingsperioden har vore tilsynelatande avgrensa.  Enkelte rolletolkingar var litt for mykje for å vere truverdige, og vi skulle gjerne sett at koreografien til kordamene faktisk hadde noko med det dei sang om. Litt strengt kanskje, men opplevinga blir mykje betre når ein veit kva ein har i vente. Og det som er fint med slike oppsettingar er at dei medvirkande verkar å ha det artig på scena, og når den spelegleden smittar over på publikum, er det umogleg å ikkje bli i godt humør av det.

– Ingrid og Ragnhild

Little Shop of Horrors – Regi: Tore Christian Sævold –Kapellmester: Tarjei Vatne – Dukker: Marte Synnevåg – Koreografi: Ann-Terese Aasen – Medvirkende: André Softeland, Lykke Kristine Moen, Tor Halvor Halvorsen, Myrna Braza, Irene J. Ahnéll, Hilde Alvær Hagesæter, Morten Grøtnes, Harald Ottesen Nødtvedt, Marius Rødland, Siv-Marit Rødland, Roy Vorland,  Kristin Rongevær og Ceri Angharad Rimmer – Foto: Fana fotostudio v/Janneche Strønen

Speles 25.02 – 07.03 i Kongesalen på Cornerteateret

little Shop of Horrors_krabatene