Kategorier
Førehandsomtale Omtalar

Lisas reise

Lisa Bysheim debuterte for bergenspublikummet med danseforeststillinga «Fugue – fju:g/» under Frontlosjefestivalen i februar. No har du moglegheit til å så hennar nye prosjekt «Me(et) You».

Lisa Bysheim debuterte for bergenspublikummet med danseforeststillinga Fugue – fju:g/ under Frontlosjefestivalen i februar. Noko vi er veldig glade for! Heldigvis er Lisa ei aktiv dame, og no har du moglegheit til å så hennar nye prosjekt Me(et) You på Cornerteateret denne helga.

dsc05952

– Det var veldig fint å vere under ein paraply da eg skulle vise mi første forestilling i Bergen,  Frontlosjefestivalen gjorde at forestillinga fekk ein heilt annan merksemd enn om eg hadde gjort forestillinga for meg sjølv, seier Lisa. Men no står ho på eigne bein. Eller nesten, ho har jo med seg enda ein dansar, Sarah Vella som ho gjekk på LABAN med, og Mads Svee bidrar til at det blir live musikk denne gongen òg. Men der musiker og danser nesten vart blanda saman til eit unisont uttrykk i Fugue – fju:g/, er musikken meir eit akkompagnement denne gongen. Lisa fortel at ho likar godt å jobbe med live musikk, det gir ein ny dimensjon til uttrykket.

– Vi har jobba fram koreografien, og lag til musikken etterpå denne gongen, med Fugue – fju:g/ skjedde dette simultant og var mykje meir improvisert.

Fugue – fju:g/var møtet mellom ein danser og musiker. Me(et) You utforsker også eit møte – denne forestillinga utforsker om kva som skjer i eit mellommenneskelig første møte.

Fugue – fju:g/  får leve vidare også, og skal visast som eitt av fem produksjoner under Dans5 i Oslo i Februar. Me(et) You skal på ein liten turne til Malta og Berlin. Men vi håpar at Lisa ikkje reiser bort for alltid, for ho er eit bra og viktig tilskot til Bergens dansescene.

Tradisjonen tru skal de avslutningsvis få ein selfie i motsol, med Lisa, 50% Frontlosjen og Sarah som er med i forestillinga.

dsc05955

– Ingrid

Legg igjen en kommentar