Alt det som hovudet masar om kvar gong ein skal sjå ei framsyning med tilsynelatande stor pondus. Sånne framsyningar du skal elske eller hate, og ha veldig sterke og smarte meiningar om. Men det hender at hjernen sviktar. Det den seier til deg er ikkje alltid like smart, og sjeldan matnyttig.
Leitar du eigentleg etter ei melding av framsyninga – eller kanskje helst av sceneteksten – Hav? Da burde du heller navigere deg vidare hit for eksempel.
Ver open. Ikkje forvent for mykje rørsle. Drikk kaffi før du går inn. Nyt teksten. La deg fortrylle av orda til drevne skodespelarar, sånne som forstår at ein kan snakke nynorsk så naturleg som berre det (nei, ikkje berre vestlendingar). Hald deg open.
Ikkje tenk så mykje. Ikkje prøv så hardt. Da gjer du ikkje det det er meininga at du skal gjere. Det er ingen vits å rushe det, sjølv om du er teatervitar og liksom skal forgude slike som Fosse.
Og Beckett. Mest Beckett kanskje. Men sjølv om du for lengst har slått deg til ro med at Beckett aldri kjem til å bli superinteressant for din del, tyder ikkje det at du treng gi opp på Fosse.
Ikkje når du så vidt har byrja. Han skriv jo så fint. På nynorsk. Teksten gir deg noko, på det postdramatiske planet.
Lydar, rytme, gjentaking.
Fokus!
Sånn ja. Fokuser på denne innfallsvinkelen. Men ikkje for mykje. Du har lov å fundere litt over limbotilværet som utspel seg på scenen òg. Det må du.
Og så må du tørre å ikkje like det, det er jo ikkje gitt at det er kjempebra berre fordi det er Fosse. Og flinke skodespelarar. Det kan jo hende at han har mista grepet heilt, eller aldri har hatt det for den del. Kanskje let vi oss alle lure av Keisarens nye klede. Neida, du trur ikkje det. Er ganske sikker på det faktisk.
Ok. Da er omsider forventingsrammene plasert. Da er det berre å nyte siste rest av framsyninga (eller ikkje, det er heilt opp til deg). Det er ikkje så farleg, du treng ikkje seie til nokon kva du tykkjer – da verkar du berre meir mystisk.
For du veit at du kan tenke på det du såg i lang tid etterpå. Sånn litt for deg sjøv, gjerne ikkje på det medvitne planet heller. Frå no av kan du ha ein liten skipsførar som sitt inne i hovudet ditt og kviskrar rare fine ord.
Det er nok, det.
– Hjernen
Hav – Av Jon Fosse – Regi: Kai Johnsen – Dramaturg: Ola E. Bø – Scenografi, lys- og videodesign: Ingrid Tønder – Lys- og videodesign: Klaus Kottmann – Produsent, regiassistent: Liv Hege Skagestad – Aktørar: Øystein Røger, Kyrre Hellum, Birgitte Larsen, Hildegun Riise, Svein Tindberg, Morten Espeland – Pressefoto: Thor Brødreskift.