Når eg sett meg ned inne i teatersalen slår det meg. I eit forsøk på å friske opp mine kunnskapar om Kong Lear, innser eg at eg ikkje har dei. Eg har faktisk aldri lest eit av Shakespeares mest anerkjente skodespel. Ups.
Etter å ha vore flau over meg sjølv eit par minutt, innser eg at det kanskje er ein fin ting – da kan eg faktisk sjekke om Tim Carroll og DNS maktar å formidle ei fleire hundre år gammal forteljing til meg. Eg er på ingen måte optimist – eg er nemleg litt dårleg til å følgje med på intrikate handlingar av og til, særleg når det er stort persongalleri. Overskrifta til Landro i BT har eg òg sett, og er sånn halvvegs førebudd på ei framsyning som undergraver teksten (ikkje at det er ein dårleg ting alltid, ikkje misforstå meg).
Men ei slik forforståing er det ganske digg å gå ut av teatersalen nokre timar seinare med ei kjensle av å forstått ein Shakespeare-tekst betre enn nokon gong. Nettopp fordi handlinga finn stad i ein gymsal med innslag av improvisasjon både med tankar på spelerom og rekvisittar, sitt teksten som spikra hjå aktørane. Dei kan ikkje lene seg på ytre element for å fortelje historia, sidan publikum i stor grad avgjer kva dei har å jobbe med. Replikkane må bere fram, anten «brevet» aktøren les opp frå er ein badmintonrackert eller ein rockering. Den leikne situasjonen hjelp meg òg til å forstå i den forstand at aktørane forklarer kven dei skal spele, og kva relasjonar dei har seg i mellom. Slike ting hugsar eg aldri når eg les rolleoversikten fremst i skodespelet eller i programmet.
Eg kjenner meg god nøgd med oppsettinga, sjølv om eg ikkje er einig med meg sjølv i om dei kunne ha tona ned det det uforutsigbare aspektet litt – eller om det hadde fungert å pøse på med enno meir. Ein ting er i alle fall openbar: ein treng ikkje kjenne klassikaren godt for å forstå kva som skjer.
Elles skal eg ikkje gå så mykje inn på kor vellukka framsyninga var, heller kor viktig den er for den norske institusjonstilskodaren. Vi treng å få banka inn i oss at Shakespeares and ikkje er psykologisk-realistisk, og at den slett ikkje let seg voldta så lett som enkelte ser ut til å meine. Tragedien Kong Lear let seg ikkje øydelegge av litt humor i spelet, heller ikkje av mismatch i scenografien.
Og viss du ikkje likar shakespearetolkingar som passar inn i fjernsynsteateret, kan du bli heime å lese skodespelet i staden.
Kong Lear – Av William Shakespeare – Oversetter: Svein Selvig – Regissør: Tim Carroll – Scenograf og kostymedesigner: Christine Lohre – Lysdesigner: Marte Stormo – Dramaturg: Anders Hasmo Dahl, Siri Løkholm Ramberg – Aktørar: Bjørn Willberg Andersen, Kristoffer Sagmo Aalberg, Julia Bache-Wiig, Yvonne Øyen, Sigmund Njøs Hovind, Katrine Dale, Tor Christian Bleikli, Stian Isaksen, Gerald Pettersen, Ole Martin Aune Nilsen, Tormod Løvold – Alle pressefoto: Thor Brødreskift.
Speles i Teaterkjelleren.
Viss du vil vite meir om nettopp denne framsyninga, kan eg anbefale Bokklubb i Teaterkjellaren laurdag 1. februar, der Frontlosjen stiller i panelet.
– Ragnhild