Kategorier
Kidsa om Omtalar

Kidsa om Know Hows

Know Hows er poppis hos dei vaksne, men kva tykkjer kidsa?

Vi har vore på familievisninga av Carte Blanche si nyaste framsyning Know Hows. Framsyninga har fått gode skussmål av dei vaksne i både media og på gata, men kva tykkjer kidsa?

Theo, 3 og eit halvt år. 

Vi har sånn ball han hadde på magen i barnehagen. I barnehagen har eg gøymt ein skatt. Men ein gong fekk vi besøk av nokon som dansa i barnehagen, men da måtte eg ikkje sitte på fanget. Mamma, kan eg få meir sjokolade no?

Martin, 7 år. 

dsc_0875

Eg har òg sånne rulleskøyter, berre at det er sånne for å gå på isen med. Men eg har ikkje sånn parykk, da. Det ligna på sånn telt vi har når vi er på jakt da dei laga sånne tepper som hang i tauga. Eg ønskar meg eit eget telt til bursdagen min. det kan godt ha bilete av meg med parykk på seg.

Jostein Leander, 9 år

kidsa arvid leander

Eg synast det var veldig synd på han eine når han var heilt aleine på scena, og vennene hans var borte. Heldigvis kom dei tilbake. Pappa sa det ikkje var på ekte, men han byrja å gråte på slutten. Han sa det var på grunn av Signe Becker, men atte ho ikkje er slem, berre flink. Eg gråt da klemte meg i døra på badet, men eg fekk Elsa-plaster.

Adrian, 9 år om tre veker og ein dag. 

kidsa adrian

Eg òg har sånn ballerinaskjørt som han eine hadde, men det er litt lite, så det kan veslesystera mi få etterpå. Men eg tykkjer det var litt lite breakdance og saltoar. Viss ein ikkje kan å ta salto på golvet, så kan ein bruke trampoline. Det kan dei kanskje gjere neste gong?  Ho med dei lange fingrane ligna på Salacious B Crumb i Star Wars, men eg likar Jar Jar Binks betre.

Irmelin, 7 og eit halv år. DSC_15411

Eg såg at dei lange armane og beina ikkje var på ekte. Men ho med det lange raude håret er heilt ekte! Eg synast han eine med musklane og tatoveringane var veldig kjekk! Eg har lyst på ein plakat å henge på rommet mitt, men det hadde dei ikkje.

Know Hows – Av: Kristin Ryg Helgebostad & Ingeleiv Berstad – Scenedesign: Signe Becker –Lysdesign: Ingeborg Staxrud Olerud – Komponist: Per Platou – Dansarar: Caroline Eckly, Noam Eidelman Shatil, Olha Stetsyuk, Irene Vesterhus Theisen, Anne Lise Rønne, Chihiro Araki, Ole Martin Meland, Mathias Stoltenberg, Timothy Bartlett, Daniel Mariblanca, Dawid Lorenc, Adrian Bartczak, Harald Beharie, Aslak Aune Nygård.

Premiere på Studio Bergen 14. februar 2019.

Foto Framsida: Tale Hendnes / Carte Blanche
Alle foto og intervju av borna er tatt med løyve frå føresette.

– Ingrid og Ragnhild.

Legg igjen en kommentar