Vi er igang!
I år starta teateråret på Cornerteateret, i søylesalen. Ei lita framsyning med tekst og musikk om det å vere åleine på hytta for å gløyme verdas styggedom. Utan at det går i lengda, så klart. Teksten i seg sjølv var for tunga av blaute klisjear til å stå på eigne bein, men musikken kompenserte eit stykke på veg for dette. Piano, fiolin, cello og klarinett er ein grei kombo, og melodiene var ofte både interessante og beghaglege – harmonier som innfridde forventninga.

Historia gjekk framover i takt med årets gang, der musikken evna å skildra årstidene på ein god måte. Teksten drukna dei. Vi forsto tidleg korleis humøret til protagonisten endra seg i takt med klimaet, og alt i mars månad var eg klar for å bli ferdig med dei loslitte metaforane. Men manusbunken til forteljaren låg framleis på feil side av notestativet.

Du går og ser framsyninga for dei ti fyrste minutta, og for å sidan leike tipp-kva-klisjeuttrykk-som-kjem-no med sidemannen. Er du ekstra dedikert kan du lage bingoskjema på førehand, noko a la dette.
My Grandfather’s Cabin – av Håvard Enstad og Shane Callaghan – Duncan Robertson, skodespelar – Ingrid Halvorsen, fiolin – Carles Camarero Muñoz, cello – Gener Salicru i Soler, klarinett – Håvard Enstad, piano
Speles 10. og 11. januar på Cornerteateret.
Det er lov å ta med drikke inn i salen.
– Ragnhild og Simen