No har vi sett ei She She Pop-forestilling som vår professor ikkje har sett. Det må vel gi vaksenpoeng!
Det er ikkje lett å orientere seg i storbyen. Særleg når alt er heilt flatt. Ingrid skjønte ikkje heilt at vi skulle på eit teater vi hadde vore på før. Vi har rett nok ikkje sett noko forestilling på HAU1 tidlegare, men vi har vore der på omvisning, så no har vi stått på same scene som She She Pop. Men det vi gjorde på den scena (med hovudet bøgd bakover for å beundre snoreloftet) var ikkje så kult som det She She Pop gjorde.
Før sjølve Frühlingopfer’en tok til, var det ein obligatorisk forprat. Her forsto vi ikkje alt, men nok til å tykkje det var artig. Sjølve operaen forstod vi alt av. Trur vi. Mødrede poserte, fortalte om seg sjølve og vala dei hadde tatt i livet. Og så dansa dei, leika med store pledd og la seg ned på golvet litt. Det var artig å sjå interaksjonen med mødrene på video og ungane deira på scena. Vi kjende oss att i mykje. Av og til er mamma akkurat slik. Nokre gongar er det mamma gjer så flaut. Og så er mødrene våre like flotte menneske.
Dei fire aktørane på scena var She She Pops ensemble, mødrene deira såg vi gjennom videoprojeksjon. Den eldre generasjonen hadde fått sitt eige rom, delt inn i fire stoffsøylar. Av og til bevega dei seg på tvers av desse, og av og til plasserte dei seg på kvar sin stol i kvar si søyle. Det var nesten som å sjhå på scifi, der ein snakkar med folk proisert i full storleik, ofte på viktige videokonferansar og i andre samanhengar der ein skal redde verda/universet (les: Captain America) eller som hologramet R2D2 visar av Leia. Det tykte vi var kult.
Mødrene hadde på seg sine eigne klede (trur vi), medan She She Pops aktørar på scena tok oss med attende til syttitalet med slengbukser, trange t-skjortar og føna hår. Sjølvsagt utan BH. Kanskje slik som mødrene deira såg ut på den tida. Dette fekk den yngre garde til å sjå ut som dei var frå ei tid før mødrene sine og slik vart det heile ein tidsreise med det same.
Vi skulle ønske vi hadde sett denne framsyninga med mødrene våre. Så kunne vi ha dansa våren inn saman til Igor Stravinskys musikk etterpå.
– Ingrid und Ragnhild
Foto frå HAU: Millan P.P.
Foto av forestillinga: Dorothea Tuch