På søndag la eg og Ingrid søndagsturen om Wraphuset og den forventa ambiente framsyninga The Grand Opening. Vi hadde sett bilete av eit hekla kjønnsorgan og lest at det skulle bli mat, så dette såg vi nesten fram til.
Frontlosjen har dessutan sett ei anna oppsetting av ho eine belgiske som var med – Endless Medication som gjekk på BIT for nokre år sidan. Og den var ikkje så verst. Ei dame fødte ein vassmelon, og så var det med eit trekkspel (det var i 2009 eller noko, så eg hugsar ikkje detaljane).
Men attende til framsyninga. Vi fekk oppleve eit sjeldent rituale der ein gigantvagina slukte ein mann, for så å sende ut ein blå gudinnefigur som dansa litt sensuelt. Så fekk vi suppe – to sortar (underteikna åt opp begge sine porsjonar. m-m).

Men det vart som det så alt for ofte blir når ein ser slikt teater. Installasjonen var kul nok (og overraskande organisk i rørsla), men framsyninga rundt var klumsete og lite forløst (korleis seier ein det på nynorsk?). Berre fordi ein har ein god idé til kva ein skal hekle i veldig stor storleik, betyr det ikkje at resten går av seg sjølv. Ein må til dømes øve. Slikt gir nyare, performancenære framsyningar eit ufortjent dårleg rykte. Litt rituell dansing av «the nicest man in the village» veg ikkje opp for umotivert rekvisittbruk og eit syltynt konsept.
Men eg fekk ta med kaffikoppen i inn i salen, da. Det er eit pluss.

Konklusjon:
Eg har aldri vore fan av hekling. Korkje når eg må knote med det sjølv, eller når eg sit og ser på folk hoppe inn og ut av handtverket.
-Ragnhild
2 svar til “Hekling krev øvelse”
Ingrid derimot, – er veldig flink til å hekle. Ho har vel visse pedagogiske evner også, i tillegg til dei kreative evnene hennar! Det kan difor vere hjelp å hente – ein stad nær deg!
http://denraudetraaden.blogspot.com/2010/04/og-sa-var-det-mandag-igjen.html
[…] vi såg fram til i BIT-våren. Ein av dei, Rimini Protokoll, innfridde så til dei gradar, medan rituelle heklafitter viste seg å ikkje vere vår greie. Så no er vi veldig spente på framsyninga som i neste veke […]