Kategorier
Omtalar

Happy Gorilla – not so happeh akshully

Dette var ymse.

Happy Gorilla Dance Company – The Point of no Return

Slik oppsummerer ein av tilskodarane forestillinga, og det er vel essensen. Men vi er snille og gir ein heil omtale likevel.

Vi er som vanleg litt treige med å gå inn, og dei er alt ivrige etter å lukke døra i det vi tek steget inn i Storelogen på Det akademiske kvarter. Vi sett oss litt til vestre for midten på den eine langsida. Men vent – her var det søla øl på stolane. Jaja, da sett vi oss på kanten – for dumt å springe rundt etter ein ny plass no. Det går sikkert greitt at det står eit notestativ i vegen. Alle går jo glipp av noko.

Framsyninga har eigentleg allereie byrja, for det står ei dame på eit bord og dansar opp mot ein ljoskastar. Det fortsett medan ein mann speler bass og gitar. Alle aktørane er måla raude og kvite i andletet. Minnar litt om kinesisk opera, diverse rituelt teater, sommarfuglar og Kizz. Litt spesi, det rekna vi med. Men så byrjar han eine prate. Om rommet. Og kor heldige dei er, sjølv om han ikkje får til å rekne ut kor mange kubikk teaterrom vi oppheld oss i. Det funkar ikkje litt ein gong.

Vi har blitt fortalt på førehand at dette skal vere site-specific teater. Altså, joda, dei nyttar jo alle delar av rommet, til og med eine siderommet, men dette kunne like greitt vore i ein kva som helst black box. Å snakke om at du ikkje klarar å rekne ut kubikken i eit rom, kvalifiserer ikkje for site-specific.

Ymse sminke. Foto: BIT/Skyhigh Creative Partners

Den eine aktøren speler litt på gitaren og snakkar litt inn i mikrofonen om noko han trur har djup handling – vel, skal vi fortelje dykk ein hemmelegheit? Notestativet var ikkje til notane, men til det lille av manus han tydelegvis ikkje hadde klart å lære seg utanatt. Kan hende dette var meininga, men det var i alle fall ikkje særleg kult.

Og forresten – plassen vi satt på var heilt elendig. Heilt mot slutten fekk vi til og med beskjed om å sette oss ein annan stad for å sjå betre, slik at vi slapp å sjå han som sto med ryggen til rett framfor oss prompe røyk. Vel – det burde dei ha tenkt på før dei plasserte publikumsplassar der*. Når ein må be publikum om å flytte seg for å sjå det som skjer har ein tapt.

Nokre lyspunkt var det jo – bokstavleg talt. Ho som dansa gjorde mykje bra, spesielt da ho dansa seg gjennom rommet surra inn i partylys medan ho laga rare lydar. Og heilt til slutt skjedde det noko som ikkje var heilt gale – dei nytta faktisk den store ”byggjeplassen” dei hadde rigga opp i eit hjørne til noko konstruktivt. Eller, dei nytta i alle fall plankebitane til å byggje noko. Ein slags grunnmur (eller kanskje ein by sett frå fugleperspektiv?). I bakgrunnen spela musikk med pianoakkordar som minna litt om The Sims-byggjemusikken, berre i oppstykka forvridd versjon. Og det passa veldig bra med det abstrakte byggverket som tok form på golvet. Dette såg vi på forbausande lenge utan at det vart for kjeisamt. Altså, det var ikkje bra. Men det var ok.

Når teater manglar både form og innhald engasjerer det ikkje, det provoserer ikkje, det rett og slett kjeder oss! Sårry mac.

Ingrid vart glad når ho fekk øyrepropper – vi vart advart om høg lyd. Men det moroa stoppar dessverre der. Resten av bileta forklarer kva vi syntast om opplegget:

Forestillinga går på Kvarteret i morgon, fredag, og på laurdag.

– Ragnhild og Ingrid

*Dette er det frie sceniske feltets svar på andre balkong, og de veit kva vi meiner om det!

3 svar til “Happy Gorilla – not so happeh akshully”

Det her var dei same folka som sette av brannalarmen to dagar på rad, og brukte mest sannsynleg ganske mykje meir lysutstyr i Storelogen enn vi gjorde i Tivoli (som vel er ei større rom?). Det virka i alle fall sånn når dei kom og skulle ha ting.

Det er stengt for kommentarer.