Kategorier
Hendingar Omtalar

Gelé-performance

Laurdag kveld var Frontlosjen tilstades på ein storslått performance-event: gelébryting i Maos på Det Akademiske Kvarter.

OBS! Ver venleg å høyre på denne låta medan du les innlegget, for å oppnå maksimal ambient effekt.

Laurdag kveld var Frontlosjen tilstades på ein storslått performance-event: gelébryting i Maos på Det Akademiske Kvarter. Det var ein up to date og ambient event, sjølv om vi har sett liknande før på BIT Teatergarasjen (Kjetil Kausland  – No Más i 2008).

Som ein slags statement valte arrangørane å legge happeningen til eit knøttlite rom, som førte til stort oppstyr og frustrert vakthald. Dermed fekk dei bevist kor viktig kunst er, og da brytekampen etter kvart vart flytta opp i det litt større lokalet Storelogen, vart likevel alle fornøgde. Det vart likevel knyta eit nytt spenningsmoment til hendinga: kom golvet til å halde?

Dei seks deltakarane var alle menn, lettkledde for høvet. I eit lite plaskebasseng fylt med stivelse og sukker, fekk vi sjå spannande innleiande rundar. Det var heile vegen valdsame tilrop frå tilskodarane, som i den pop-ambiente settinga også var deltakarar. Den suggerande musikken egga opp deltakarane, som med sine realtime not-acting-strategiar gav alt. På ordentleg. Det blir det interessant kunst av.

Etter kvart måtte eit sundrive plaskepasseng erstattast med presseningas råskap, og gjennom dei ymse finalerundane oppsto det ein fight club-tilstand der svette og klissete tilskodarar brølte ned i ein plastbinge dei sjølv hadde skapt ved å løfte opp kantane av presenningen som hindra gelémassane i å blande seg med ølrestar på golvet under.

Kveldens vinnar vart til slutt ein aktør med ein dødleg head lock – og var så inne i kunstprosjektet at han har valt å leve livet sitt som hulemann, for å gje performancen geokulturell tyngd. Vi vil likevel trekke fram bronsefinalist John Magnus, som kjempa seg til blods for å forhindre å dra ein Jahn Teigen – trass i at han var kveldens lettaste kandidat.

Gelébryting er – i likskap med gjørmebryting og skumparty – forbunde med ein tacky eller kitsj livsstil. Men dette var likevel ikkje kitsj, da alle innforståtte var medvitne om underhaldningsformas historie. Men det var heller ikkje gjort med campens medvitne ironi. Aktørane hadde bevega seg forbi postmodernismens leik og ironiserande haldning, og leverte sitt produkt med blodig alvor.

Dette er post-camp.

– Ragnhild og Ingrid