Kategorier
Omtalar

Frå Bergen til Os – ein aften med Kurt Weill

Vi reiste heilt til Os for å høyre Kurt Weill

Det er noko spesielt med utfluktar. Kulturopplevinga blir liksom ekstra stor når ein må anstrenge seg litt for å oppsøke ho, sjølv om det berre er snakk om ein liten busstur til Os.

Og da vi ein laurdag i januar tok turen for å oppleve Kurt Weill og Oseana kulturhus, sette vi like godt av ein heilaften inkludert  ein finare middag. Etter kort avveiing gjekk vi for pizza, og sette kursen for Peppes med teaterpelsen trygt plassert på skuldrene. Vi var godt fornøgde med utsikt og interiør, men kjende oss litt snytt da vi oppdaga at vi kunne ha kjøpt middag på sjølvaste Oseana kulturhus (som vi seinare har blitt gjort oppmerksame på at ikkje er noko særleg, heldivis).

Vi nyt utsikten og den lokale maten.

Men over til det viktigste: Frå Berlin til Broadway – ein konsert med Os kammerkor og blåsekvintetten Bris. Vi reiste dit fordi

  1. Vi diggar Kurt
  2. Venninna vår syng i koret og tek seg bra ut i raud kjole og 1940-talslook
  3. Vi har aldri vore på Oseana før

Og etter kvart innsåg vi òg kor svake vi er for muta trompet.

Ingrid prøvsit ut dei høgkulturelle puffane på Oseania.

Og Oseana var fint, og Kurt stadig like sjarmerande. Ein av dei kulaste komponistane frå heile 1900-talet, faktisk. Og så gjer han seg så godt i kombinasjon med Bert Brecht, for det er jo der vi kjenner han best frå. Tolvskillingsoperaen og Alabama Song frå Mahagonny. Derfor likte i alle høve eg Berlin-delen av framsyninga best, sjølv om Broadway-perioden også har sin sjarm. Noko anna som verkeleg hadde sin sjarm, var eit godt vaksent kammerkor som song med koreografi. Tydeleg at slikt krev mykje øving, men for all del: det funka bra. Dramaturgien var i det heile god, ikkje minst på grunn av flotte bilete på bakveggen. Men uansett – det er artig å vere så gammal at ein nyttar laurdagskvelden til å ete Bounty på bussen og leike seg på dei store puffane i foajeen til Oseana kulturhus. I det heile satt vi berre att med eitt spørsmål da kvelden var over, for kvar vart det av Seeräuber Jenny?

 

– Ragnhild