Kategorier
Omtalar

Etnobingo

Her var det veldig mykje å sette augane på.

I eit overfylt soverom får vi møte tre stk Aisha og høyre hennar historie. Ho vil nemleg bli idolstjerne og opprørsleiar – men er litt usikker på i kva rekkefølgje dette bør skje. Etter kva vi hadde høyrt, skulle dette verkeleg røske opp i fordommar og inntrykk. Tja, det skjedde kanskje ikkje heilt for vår del. Men det var likevel ei viktig stemme vi fekk servert – stemma til ei 19 år gammal muslimsk  jente i ein norsk forstad. Men det var tydeleg at ho ikkje var spesiet religiøs, for Koranen låg på golvet. Det var ein del gode poeng der, men det vi vart mest overraska over, var kor opptatt ho var av kva samfunnet tykkjer om hennar familie og religion. Ho bryr seg så mykje at ho ikkje vil stadfeste at ho har ein bror i søknadsskjemaet i Idol – da kjem ho til å bli stempla som terrorist (broren er jo internettmuslim). Tenker majoriteten så ekstremt i Noreg i 2012?

Vi likar musikkutvalet i framsyninga, og seier oss fornøgde med at ein av Aishaene er DJ. Det er òg eit energisk skodespel, sjølv om vi fekk inntrykk av at dei var yngre enn 19 år. Det er støtt eit problem når ein skal spele yngre. Men energinivået med herjing, rekvisittbruk og roping til høg musikk vart litt intens. Dramaturgien i framsyninga vart slik litt for einsformig, og hadde tent mykje på fleire heilt rolige parti. Skulle gjerne sett eit brot, anten i forteljingsteknikk eller i tematikk, det går mest i idol og norsk kvardagsrasisme. Ei litt djupare, eller litt meir personleg historie, hadde kanskje gitt eit mindre overfladisk uttrykk.

Så klart er det eit videokamera med.

Jenterommet til Aisha var velfungerande, med organisert tilsynelatande rot. Det er støtt artig med mykje ting på scena når ein ikkje har eit sceneteppe framfor seg før start. Da kan ein sitte å gjette seg fram til kva som blir nytta undervegs – også kalla rekvisittbingo. I Etnopornos scenografi var det plenty å ta av (og vi tykkjer nok at litt for mykje vart tatt i bruk òg), og her er nokre av elementa vi tippa på:

Ragnhild: Eit stort troll med slitt nase (jobbar jo på turistinformasjonen), ein blond parykk, saccosekken, det amerikanske flagget.

Ingrid: Barbiedokkane (er jo framleis blodfan),ei rosa veske, lauspuppar, globusen, juletreet.

Alt i alt: Ei fin framsyning, men ikkje ei som blir sittande i ryggmargen. Men dette er nok ei oppsetting som eignar seg for folk som ikkje er vant med å sjå teater.

Viktig å ta bileter på do, særleg som matchar framsyninga.

Etnoporno av America Vera-Zavala – Regissør: Nina Wester – Scenograf/Kostymedesignar: Daniel Åkerström-Steen – Lysdesignar: Arne Kambestad – Dramaturg: Solrun Toft Iversen – Skodespelarar: Sulekha Ali Omar, Katrine Dale, Elizabeth Dionne – Alle pressefoto: DNS/Magnus Skrede.

Siste framsyningar: 20., 21. og 22.06.2012

– Ragnhild og Ingrid