Kategorier
Omtalar

Ein Frontlosjefavoritt

– D e så godt å sjå teater som d itj e nå gæli me!
Om TgStan si forestilling «A public enemy» på BIT teatergarasjen.

Det er alltid stor stas når eit av våre favorittkompani kjem til byen. Vi trur i alle fall at det er eit av våre favorittkompani, vi har jo ikkje sett så mykje av TgSTAN enno. Men det vi har sett har vore veldig bra. Med andre ord var vi temmeleg ukritiske da vi satte oss ned for å sjå den beste flamske framsyninga sidan 1950 (noko sånt), og forventingane til JDX – A public enemy var store. Vi slukte alt rått.

DSC02427

TgSTAN serverte også denne gongen ei teksttung framsyning – til og med scenografien var byta ut med oppleste scenetilvisingar. Dette var scenekunst etter vår smak, og med humor på fleire nivå: scenetilvisingane braut stadig inn og avbraut teksten og stilte krav om at aktørane plutseleg måtte skifte rolle; for det er jo langt fleire rollar hjå Ibsen enn det var aktørar på scena. Samstundes vart det for oss ein fin kommentar til dei omstendlige skildringane av bord og stolar i hopetal som Ibsen var så glad i (Hedda kan jo ikkje skyte seg på feil type møblement).

Men sjølve rosinen i pølsa er sjølvklart aktørane sjølv. Godt skodespel og god utstråling går vi aldri lei (trur vi – skal aldri seie aldri). Spennet mellom ulike rollar, fiksjonslag og personlege kommentarar til publikum er rett og slett veldig intellingent gjennomført. Det faktum at dei spela med «original casting» frå 1993 gav dessuten framsyninga litt ekstra krydder. Da kunne vi sitte å fundere på kor mykje spelet hadde endra seg og korleis stykket vart mottatt den gong. Og fundere på korleis dressen som no hadde blitt for liten sikkert passa litt betre for tyve år sidan.

JDX – a public enemy meistrar det å vere teksttung utan å ha det tradisjonelle fokuset på tekst. Og som alltid merkar vi at vår eigen tekstrike Ibsen fungerer betre når han blir framført av andre enn nordmenn – dei er ikkje tynga av den seige tradisjonen vi ikkje kjem oss heit ut av.

For å sitere Ingrid: – D e så godt å sjå teater som d itj e nå gæli me!

Ja, og så fekk vi vin i pausa da = OK+

DSC02431 DSC02450 DSC02440  DSC02434

– Ingrid og Ragnhild

 

JDX – a public enemy – Tekst: Henrik Ibsen – Av og med: Jolente De Keersmaeker, Sara De Roo, Damiaan De Schrijver, Annette Kouwenhoven og Frank Vercruyssen – Produksjon og teknikk: tg STAN (Jolente De Keersmaeker, Sara De Roo, Damiaan De Schrijver, Mariet Eyckmans, Renild Van Bavel, Frank Vercruyssen, Thomas Walgrave and Tim Wouters)

Speles (28.) 29. og 30. august i Studio Bergen

 MERKNAD: Ingrid og Ragnhild er hausten 2014 tilsett i administrasjonen til BIT Teatergarasjen (billett/Oktoberdans)