Kategorier
Festival Hendingar Omtalar

DET STORE SPILLET OM EUROPA

FESTSPILLENE: DET STORE SPILLET OM EUROPA eller «Home visit: Europe» har vore vist i fleire Bergenske heimar under Festspillene. Ingrid opna sjølvsagt dørene sine da Rimini Protokoll ville komme på besøk!

Eg hugsar godt første gongen eg høyrde om Europa. Det var den to år eldre bror min som lærte meg det. Eg var vel i fire-femårs-alderen, og hadde knapt vore utanfor Trøndelags grenser.

Han: Har du vore i Europa nokon gong?

Eg: Nei?

Han: Joho, du er der no!

DSC04299

Førre laurdag fekk eg det ærefulle oppdraget å vere vertinne da Rimini Protokoll si framsyning Home visit: Europe hadde norgespremiere under Festspillene. Ei framsyning som byggar opp spenningen basert på fasar i europa etter krigen, med EU som bakteppe. Kva land har mest status, kapital, demokrati. Kor skal grensene gå og kvar er min plass i europa.

DSC04320

DSC04316

Som eit avansert brettspel, eller ein interaktiv selskapsleik om du vil, blir dei 15 publikumarane rundt bordet til aktørane i framsyninga og fører spelet vidare. For kampen om Europa er eit spel, eller? Ein får oppdrag undervegs, nokon må under bordet, vi må ringe til ein ven og kanskje nokon må i brytekamp. Akkurat som alle landa i Europa må innimellom.

DSC04318

Som vertsskap fekk eg opne den vesle stova mi, servere kaffe og bake kake. Akkurat som eit vanleg besøk altså. Bortsett frå at eg ikkje fekk bestemme kven som skulle få kor mykje kake, det var det vi rundt bordet som skulle gjere, ved å danne allianser, dele landegrenser og prøve å unngå økonomisk krise – akkurat slik som Europa er. Det kunne eigentleg heitt «DET STORE SPILLET OM EUROPA»! For det er jo sjølvsagt om å vinne til slutt, i alle fall få sin bit av kaka – bokstavleg talt.

DSC04324

Følar i større grad at eg har vore i Europa no enn da eg var barn? Hadde bror min rett? Er eg i Europa no?

a

Home visit Europe spelast for siste gang i Bergen i dag, men om du ikkje får det med deg i Bergen, dukkar det heilt sikkert i ein europeisk by nær deg.

PS! Såg du eit kjent ansikt? Det er sjølvsagt Ragnhild som er spelleiar for DET STORE SPILLET OM EUROPA.

-Ingrid