Kategorier
Omtalar

Dans vs. drugs

Far, far away – om narkotiaen, faren og dansen. Ikkje minst dansen.

Det er noko klisjefylt med det å ha eit trøblete forhold til far sin. Det er kanskje noko enda meir klisjefylt å lage kunst av det.

Før eg skulle sjå Far, far away på Cornerteateret på laudag, tenkte eg «ånei, enda ei dame som skal lage kunst om forholdet til far sin, huff, kva slags pretensiøs/pompøs dansegreie blir dette?»

Foto Jeanette Robbestad

Da eg gikk inn i salen, hang det fleire plakatar med fakta om narkotika, overdosar og statistikk, ein trommis prøvde å få skikk på trommesettet. Også tok det litt tid før eg oppdaga at det satt ei naken dame med ryggen oss til heilt ute på kanten. Ho gikk etterkvart sakte naken over scena og tok på seg ein kjole og fekk oss til å synge meg på ein eigenkomponert sang. Og eg berre «kva for eit klisjefylt opplegg er dette?»

På eitt eller anna tidspunkt slutta eg å tenke, og lot meg berøre, både av historia og rørsla og musikken. Og etter kvart  slo det meg – dette er noko av det mest ærlege, nakne, intelligente og sårbare eg har sett. Om Kristine og den narkomane far hennar. Om kranglane, om slaga, om gråten. Om hemmeligheitane. Og at ingen kunne redde ho.

Det å lage kunst om narkotika er ikkje ein enkel sak, det finnast mange meiningar om både rusen i seg sjølv, om behandligar, rettighetar – og Nygårdsparken. Å ta temaet inn på det personlege plan er kanskje den einaste måten å få det til utan at det blir kleint, dømmande eller politisk. På denne måten fekk forestillinga ein heller til å reflektere over samfunnsstrukturar, oppdragelse og det sosiale aspektet ved temaet heller enn å ta eit standpukt i rusproblematikken.

Det fekk meg til å innsjå at eg har hatt ein frykteleg beskytta barndom, kor eg slapp å dra på SFO fordi foreldra mine jobba heime, kor eg fekk sunn bondekost kvar dag og kor det verste i livet var at eg ikkje fekk sjå på TV før etter middag. Og at dei feike barbiedukkane mine ikkje var fine nok til å bu i  det store huset med krystallglas, bobler i badekaret og kjolar med bling. Eg trong ikkje å bli redda.

Heldigvis vart Kristine redda. Av dansen. Tenk kor mange fleire dansen kunne redda.

Nokre gongar funkar klisjeane.

10600589_722715054461517_8437750012730075_n

– Ingrid

Far, far away:

Av og med med Kristine Nilsen Oma – Dramaturgisk konsulent: Camilla Skrede Johannessen – Scenograf/kostyme/bilde: Janne Robberstad – Live musikk: Øyvind Hegg-Lunde/Mats Mæland Jensen – Billettør/scenearbeider: Per Rutledal – Pepperkakebakerr: Kari Johanne Oma – Filmdokumentasjon: Hans Christian Van Nijkerk

Spelast:

28. september: Øystese – Kulturhuset Kabuso

10. oktober: Trondheim – Vår Frues kirke, 11. og 12. oktober: Trondheim – DansiT

25. og 26. oktober: Oslo – Bymisjonssenteret i Tøyen kirke

28. og 29.  november: Stavanger – Rogaland Kunstsenter

 

 

 

Det er stengt for kommentarer.