Ingen ting er som fleire gode framsyningar på rad (vi teatervitarar veit at det berre blir lengre og lengre mellom godbitane). Her er vidunderhelga mi oppsummert:
De selektive
Endeleg! Endeleg fekk eg sjansen til å sjå denne framsyninga eg har høyrt så mykje om, som har hausta ros frå både bekjente og journalistar.

Mari har verkeleg stått på og laga eit godt produkt både med tanke på kjeldemateriale, manus og regi – og kanskje aller mest med tanke på samansetting av ensemble. Her får alle utnytta sitt potensiale. Eg kosa meg – om det er lov å seie når ein ser eit stykke om sorteringssamfunnet?
Minus: eg vart stoppa frå å gå inn i salen med drikke, og måtte pliktoppfyllande styrte eit halvt glas med vin for å sikre med ein god plass. 20 sekund seinare var det likevel lov å ta med drikke inn i salen. Eg vil ha det attende!
Eg trur ikkje eg har endra synet mitt i abortspørsmålet, men no er eg rikare:
Rett i boks
Eg klarte ikkje dy meg, det er jo fullt av boksar i framsyninga. Tenk at ei framsyning kan vere så banal, genial og morosam, og imponerande!
Det er enkelt i den forstand at det syner forholdet mellom sysken og vener – utan ord, men med akrobatikk og stemme. Det er avansert fordi det maktar å syne det komplekse relasjonen mellom sysken og vener utgjer – utan prat, men med skrik, mjuke bein og truserøsk. Det er spesielt artig fordi dei har meir eller mindre ekte skjegg.
Jakob og Pieter FTW. Dette skal eg øve på heime.
Desse framsyningane vart krydra med nye visningar og litt jobbing for Far, far away i Korskiren. Takksamt arbeid!
–
De selektive – Mari Sofie Andreassen – Charlotte Prydz Ottesen – Haakon Mustafa Smestad – Alexander Vestergren – Line Stokland Røthing – Harald Ottesen Nødtvedt – Snorre Mandal – Eirik Lie Hegre
Jake & Pete’s Big Reconciliation Attempt – Av og med: Jakob Ampe & Pieter Ampe – Mentor: Alain Platel – Scenografi: Jelle Clarisse – Teknikk: Piet Depoortere – Kostymer: An Breugelmans – Skjeggmaker: Dian Vandecruys
Far, far away – Koreograf, utøver og produsent: Kristine Nilsen Oma – Utøver og scenerigger: Grethe Mikaelsen – Scene-element, kostyme og foto: Janne Robberstad – Live-musikk: Øyvind Hegg-Lunde – Pepperkakebaker: Kari Johanne Oma – Dramaturgisk konsulent: Camilla Skrede Johannesen
Speles i Korskirken søndag 6. oktober kl. 20.30
– Ragnhild